Ip.Content

JanB og "Moira II" JanB og "Moira II"
Livet ombord i ein Nauticat 33, 1980-mod.

JanB og "Moira II"



bilde

Hovudsesongen over...

Postet av JanB , 23 november 2009 · 1 Visninger

Må nok innsjå at 2009-sesongen i stor grad er over no. Hausten er ei travel tid. Trass i mykje godt ver, har ikkje båten blitt brukt særleg mykje dei siste par månadane.

I dag var eg ombord og gjorde klart for vinteren. Tømte vanntankane, sette inn frostvakt, fuktslukarar i lugarane, etc. Elektrisk luftavfuktar har eg hatt gåande i over ein månad no....


bilde

Helgetur til Osterøy

Postet av JanB , 20 september 2009 · 4 Visninger

Båthelga starta eigentleg med nattevakt i båtlaget fredag. Det var ein fin kveld der eg mykje heller skulle vore på sjøen, men nokre plikter følgjer også båtlivet. Kom meg i seng ved 5.15-tida og sov til litt ut på formiddagen, medan resten av mannskapet gjorde klar for tur.

I løpet av natta hadde vermeldingane på yr.no endra seg, ikkje minst når det...


bilde

Dagstur til Håøya

Postet av JanB , 13 september 2009 · 0 Visninger

Me hadde tenkt å ta ein skikkeleg helgetur frå fredag til måndag, men veret var framleis håplaust. Båten har ikkje vore ute av hamna sidan ferien, og det har ikkje vore ein dag utan regn sidan 19. august. Før i dag!

Først blei avgangen utsett frå fredag til laurdag. Laurdag føremiddag var veret framleis dårleg og ny utsetting til ettermiddagen. ...


bilde

Ferien er over

Postet av JanB , 14 august 2009 · 1 Visninger

Post bilde

Så er årets båtferie over. Det blei nær tre og ei halv veke i båten. Veret har vore mildt sagt varierande, med alt for få soldagar. Turen gjekk også i år hovudsakleg til Sunnhordland og Ryfylke. Her er ruta:

Bergen, Bakkasund, Brandasund, Espevær (via Hiskholmen), Hamnarholmen (via Haugesund),...


bilde

Ferieturen 2009 (del 3)

Postet av JanB , i Sommarferie 12 august 2009 · 1 Visninger

Sundag 2. august
Etter nokre dagar på land i Stavanger, flytta me ombord igjen og forlot Jåttåvågen. Veret var dårleg dei dagane me var i land, men no hadde me eit håp om betring. Det bles ganske kraftig, men roa seg ut over dagen, før me kom oss av garde.

Me bestemte oss for å gå mot Skudeneshavn og snaraste veg: Mellom Tungenes og Bru, og vidare...


bilde

Ferieturen 2009 (del 2)

Postet av JanB , i Sommarferie 29 juli 2009 · 4 Visninger

Her kjem ein ny del av ferieturen 2009 med "Moira II":


Laurdag 25. juli
Me sov lenge og vakna til regnbyger og vind som hadde lagt seg på nord. Dermed stod det rett inn der me låg. Ikkje så kraftig, men heller ikkje veldig triveleg å bli liggande.

Etter brunch gjorde me klar for avgang. Målet var ein stad i Skoldafjorden, utan at me...


bilde

Ferieturen 2009 (del 1)

Postet av JanB , i Sommarferie 24 juli 2009 · 0 Visninger

Årets sommarferie i "Moira II" varte i nær tre og ei halv veke for dei mest uthaldande av oss. Veret var ikkje det beste. Svært utstabilt og varierande. Mange gonger hadde me både varmande sol og plaskande regn på same dag.. Det var også ein del vind, hovudsakleg motvind... Temperaturen har likevel vore ganske bra. Her følgjer dag for dag...


bilde

Uvanleg kort weekendtur...

Postet av JanB , 05 juli 2009 · 0 Visninger

Dette er historien om weekendturen som varte to timar...

Etter at dei to yngste i det faste mannskapet hadde reist på ferie, skulle dei to vaksne på tur for seg sjølv. Dette har me sett fram til, ikkje minst dei siste dagane med fantastisk ver og forsatt gode vermeldingar for helga.

Me kom oss avgarde ved 19.30-tida fredag og sette kursen nordover. Alt...


bilde

19. - 21. juni, Storebø, Austevoll

Postet av JanB , 20 juni 2009 · 1 Visninger

Endeleg på tur igjen, og denne gong heile helga frå fredag til sundag

Klokka var godt over sju fredag kveld før me kom oss avgarde. Mannskapet var dei to vaksne og matrosen på 12. Me gjekk sørover og stoppa ved Askøybrua for dieselfylling.

Målet for turen var uklart ganske lenge, også undervegs. Etter Sotrabrua valde me Kobbeleia og sikta oss inn mot...


bilde

Pinsehelga 30. mai - 1. juni

Postet av JanB , 01 juni 2009 · 0 Visninger

Ikkje akkurat rykande ferske oppdateringar av denne bloggen for tida, men eg har vore mykje bortreist (på fleire vis, vil sikkert enkelte hevda... :wink: ). Her kjem i alle fall kort rapport frå pinseturen, sjølv om det er ei veke sidan:

Me kom oss avgarde litt ut på dagen, laurdag (pinseafta). Lettmatrosen var først sendt på kanotur med speidaren på...






Mai 2012

M T O T F L S
 123456
78910111213
141516 17 181920
21222324252627
28293031   

Kategorier

Søk i min blogg

Om "Moira II"

Post bilde

Post bilde Nauticat 33

Bygd i Åbo, Finland, 1980.
Byggenr: 730

Motor: Ford 2722 Mermaid (modifisert), 120 HK

Rigg: Ketch

Lengde: 10,40 m

Breidde: 3,25 m

Djupne: 1,25 m

Høgde: 12.50 m

Marsjfart: 7,5 knp.

Vekt: ca 8 tonn

Kallesignal: LL 4116