Planane om kva som skal gjerast ombord er ofte mange, men mykje rekk ein ikkje over. Likevel har eg fått gjort ein god del i år. Dei siste dagane har akterdekket (den viktigaste opphaldsplassen utandørs ombord) fått ei oppshining.

Før/etter
Eigarar før oss har har ikkje vore så snille med teakdekka. Her har både høgtrykkspylar og skurekost vore i bruk (i vedretningen). Det har resultert i ein del djupe render i teaken, og natene er i stor grad høgare enn treverket. Dermed må nater slipast ned og treverk slipast jamnare.
Tidlegare har eg gått laus på deler av fordekket, no var det akterdekket sin tur. Natene blei først høvla betydeleg ned med ein såkalla balsahøvel, kjøpt på Clas Ohlson. Deretter blei resten pussa ned med hovudsakleg bandslipar.
Ikkje alle render er heilt borte. Eg kunne ha pussa dei heilt vekk, men då hadde det gått hardt ut over treverket. No har me framleis ein del å slipa på, utan at det var naudsynt å skifta ut nater og trepluggar (med nokre få unntak).
Dekket er no blitt plant og fint. Muligens litt glattare å gå på enn då natene stakk over treverket. Teaken vil ikkje bli behandla med olje el.l. Vil ha teak på dekk grå og ubehandla, for at det ikkje skal bli for glatt.
Elles er ferskvasstanken reinsa og luftinga opna opp. Eg har også prøvd å reparera tilbakeslag på toalettet. Tok ut tilbakeslagsventilen og reinsa den og utløpsrøyret. Men det viste seg at pakningen/ventilen var så sleten at han må byttast ut. Uansett er det berre reint vatn som renn tilbake, så dette er ikkje noko stort problem.
Har også gått over ror og styresystem med greasepumpa og ordna andre småting før ferieturen. Litt står igjen, men me får sjå kva me får gjort i neste veke og undervegs.

Opprett egendefinert tema