Første stoppTysdag 13.7: Heime - Kolbeinshamn
Etter å ha klargjort båten og handla inn det meste dagen i førevegen, kom me oss av garde frå heimehamna ved 13-tida. Mannskap var dei to vaksne og yngste matros. Som vanleg hadde me diskutert mykje om me skulle ta til venstre (sørover) eller høgre (nordover). Eigentleg tenkte me å legga turen til Sogn og Fjordane dette året, men no var vermeldingane betydeleg dårlegare der oppe. Dermed blei det sørover nok ein gong.
Første etappe gjekk til Kolbeinshamn i Austevoll, - kjent og kjært. Peder’n var på plass og er framleis gjestehamn-vert. Men det er ikkje heilt som før. Eg trur mange saknar butikken.
Temperaturen og veret var bra og det blei ein fin kveld på akterdekket. Me fekk også innvia den nyinnkjøpte samanleggbare sykkelen. Matrosen hadde også med sin gamle sykkel. Eit forsøk på magnet-fiske etter nøklane me mista i sjøen i Kolbeinshamn i fjor, ga ingen resultat…
Onsdag 14.7: Kolbeinshamn
Me blei verande i Kolbeinshamn. Alt dagen før hadde me truffe fam. B som har eit gamalt småbruk på Huftarøy. Her blei me invitert på lunsj og matrosen fekk tid til å vera med kompisen sin.
Sommar på akterdekketOg dette blei ein nærast perferkt dag: Flott plass, flott ver, hyggeleg selskap, god mat og musserande vin alt kl 13... Litt seinare på ettermiddagen fekk matrosen vera med å trekka line. Fangsten var slett ikkje verst. Dei yngste nytta også det fine veret til å bada frå båten.
"Fiskarlaget"Dagens middag var sjølvfiska, steikt makrell. Om kvelden blei det servert brownies frå eigen bysse på dekk. Før natta fekk me krabbeteinene i sjøen.
Torsdag 15.7: Kolbeinshamn - Solstråleøya
Teinene inneheldt to krabbar, som blei kokt umiddelbart og sett på kjøling til lunsj.
Så sette me kursen rett austover og kryssa nordenden av Langenuen i kraftig sidevind. Me gjekk til den tidlegare kongeeigde Solstråleøya ved Godøysund. Her var det ledig ved gjestekaien, der det faktisk også er straumuttak.
KrabbelunsjKrabben blei ein god lunsj som blei fortært på land. Men etter kvart kom det regn, og me måtte flytta inn under det oppbygde taket. Vinden auka på, men me låg godt på lesida av kaien.
Kraftig vind på SolstråleøyaMannfolka tok ein gummibåttur til Godøysund og kjøpte is. Då starta regnet for alvor, så me var ganske våte då me kom tilbake til Solstråleøya.
Fredag 16.7: Solstråleøya - Våge - Godøysund
Vinden auka på ut over natta og heldt fram om dagen.
Etter frukost gjekk me til Våge for å handla. Der stod vinden rett på og det var ingen plass å bli liggande. Då me skulle gå frå kai igjen måtte me gå ut på spring, for kraftig motor. Dermed gjekk me tilbake og fann etter kvart plass i den lunaste kroken ved hotellet i Godøysund. Ettermiddagsregn også denne dagen, men det skein opp igjen på kvelden.
Framleis har det ikkje blitt skikkeleg drift igjen i Godøysund, og hotellet har lege som eit spøkelseshus i mange år no. Men også i år er det ope i sjøbua på kaien. Dermed blei det pizza til middag, servert ute. Pilsen til pizzaen kunne likevel ikkje nytast i kveldssola, men i skuggen to meter lenger inne på kaien. Dei er nøye med skjenkegrensene i Tysnes kommune…
Laurdag 17.7: Godøysund - Ånuglo
Vermeldingane såg igjen positive ut, og me fann ut at det var på tide å finna ei uthamn. Me gjekk gjennom Lukksundet og ned til Ånuglo. Sist me var på denne øya, for 8-10 år sidan (i Skipavågen), gjekk me på grunn. Det skulle ikkje bli ukomplisert denne gongen heller…
Me la oss i Bekkjarvika på nordsida av øya. Veret gråna til, men det hindra oss ikkje i å bada og deretter dusja i den soloppvarma (les: lett lunka) dusjen på fordekket. Men forfriskande var det, og veret blei betre etter kvart.
Fortøyd i Bekkjarvika på ÅnugloUt på kvelden kom ”Sir Toby” og ankra opp ved sida av oss. Dei hadde vore på tur til kjente i Nordhordland.
Sundag 18.7: Ånuglo - Husnes
Endeleg skikkeleg finver igjen og god varme der ein kunne finna le. Dermed blei det soling både på dekk og svaberg. Ungane bada og skipperen fekk også tid til å gå/jogga ein tur rundt på Ånuglo. Dessverre var turstiane svært blaute og til dels kraftig tilgrodde. Men det er ein fin plass med rik vegetasjon.
Matrosar nyt badelivetUt på ettermiddagen var kom også ”Gullet”. Dei kom frå Hjellestad og var på veg til Husnes, men tok eit stopp undervegs.
"Gullet", "Sir Toby" og "Moira II"Etter kvart forsvann sola igjen og nytt regnver var meldt. Dermed blei det Husnes på oss også, då me omsider kom oss av garde…
”Sir Toby” løyste fortøyningane først. Ankervinsjen drog inn tauet, men plutseleg var det stopp. Skipperen måtte i sjøen og fekk låna dykkarmaske av oss. Det viste seg at ankertauet hadde lagt seg rundt ei propellvenge, noko som heldigvis var enkelt å ordna. Med skipperen vel oppe igjen kunne dei setta kursen mot Husnes.
Så var det vår tur å hala anker. Her er det skipperen som er ”manuell vinsj”. Men ei lita misforståing gjorde at ankerlina ikkje blei rulla inn og i staden la seg under båten. Samstundes heldt me på å reka på ein grunne, så det måtte brukast litt propell… Resultatet blei endå eit tilfelle av tau i propellen!
”Sir Toby” blei kalla tilbake med dykkermaska og også skipperen på ”Moira II” måtte i vatnet. Lina hadde lagt seg i fleire bukter rundt akslingen, men med litt (fri-) dykking og lirking fekk eg det laust.
Ute i Onarheimsfjorden fekk me kraftig motvind frå sør. Vinden var også kraftig inne i båthamna på Husnes, der hamnevertane hadde si fulle hyre med å finna plass til alle båtane som ville inn. Og sjølv om dei er flinke til å peika og vinka, har ikkje alle full kontroll. Sjølv etter å ha oppgitt nøyaktig breidde, blei me sendt inn i ein bås som var alt for smal. Dermed fekk me ei stygg ripe i eine skutesida. Men på andre forsøk fekk me ein passe bås der me kunne ligga trygt og godt.
Den kvelden tok skipperen på ”Sir Toby” og ”Moira II” to ankerdrammar kvar…
Del 2, Del 3




Opprett egendefinert tema








