"Moira II" i einsam majestetEi knapp veke etter at sommarferieturen blei avslutta, var me klar for ny tur. Start fredag kveld kl.19.30. Mannskap var dei to vaksne og yngste matros + ein kompis.
Denne gong hadde me bestemt målet på førehand: Austre Eidsvik på Lurøyane, nær Feste. Dersom det var plass der, då. Det såg ut for at mange var på sjøen denne helga. Austre Eidsvik er ei fin uthavn der me har vore mange gonger før.
Fint ver heile vegen nordover Byfjorden, Alverstraumen, Radsundet osb, men det merkast at sola går ned tidlegare no på ettersommaren. Til vår store overrasking var det ingen båtar å sjå i uthamna, så me kasta anker og la oss litt innafor innløpet på staden der det er finast på land (i ettertid fann me ut at det faktisk låg ein båt til i vika, heilt innerst). Vel framme blei det eit relativt seint kyllingmåltid på akterdekket.
Vakker kveldshimmel over VåganeYr.no hadde lovd veldig fint ver, men det slo ikkje heilt til... Laurdag fekk me nå likevel sjå ein del til sola. Varme, som evt. skulle frista til bading o.l, var det mindre av. Men godt nok til å slappa av ute på dekk, om enn med eit teppe rundt seg...
Utever, men ikkje akkurat bikini...Dei to yngste var ein handletur til Feste og dei vaksne tok seg ein fisketur i gummibåten. Med nyinnkjøpte slukar blei det ein suksess. Faktisk fire forskjellige fiskeslag i fangsten: Torsk, sei, lyr og makrell. Dermed var det ikkje tvil om at dagens middag blei fersk torsk. Om kvelden laga me eit lite bål på land og grilla pølser.
Matrosane samla ved til bål...
...som blei vellukka, trass i mykje fukt.Sundag blei det full bom for yr.no. Sola som var lovd (dei heldt fast ved denne lovnaden til langt på dag...), kom aldri. Det var i staden grått heildekkande skydekke, men vindstille og ikkje regn.
Dei vaksne starta dagen med garntrekking. Og det auka totalfangsten ytterlegare. Gutane fann derimot ingen krabbar i teinene.
Til lunsj prøvde me for første gang eit lite "mini-røykeri" eg fekk for eit par år sidan. Ein (temmeleg feit) makrell frå gårsdagens fangst blei salta og varmrøykt. Og det smakte veldig godt!
Skipperen testar eigenrøykt makrellRetur heimover ut på ettermiddagen. Ein god del trafikk og mange som skulle heim frå både ferie og helgetur. Litt lysning i veret, så det var utevarande på dekk det meste av heimturen.
PS: Sjølv om det her kom rapport frå ein helgetur etter ferien, så kjem det etter kvart meir om sjølve ferieturen også...




Opprett egendefinert tema








