Ip.Content

JanB og "Moira II" JanB og "Moira II"
Livet ombord i ein Nauticat 33, 1980-mod.




bilde

Ferieturen 2010 (del 2)

Postet av JanB , i Sommarferie 25 juli 2010 · 1 Visninger

Måndag 19.7: Husnes
Det blei ein fin dag på Husnes med mykje godt ver. Me tok livet med ro og fekk dagen til å gå med avslapping på dekk, volleyball, bading, shopping i sentrum og prat med andre i hamna. I tillegg til ”Sir Toby” og ”Gullet” var heile Tysnes/Bømlo-gjengen frå i fjor her. Også eit par kolleger var på Husnes i embets medfør. Av den grunn blei det servert kake i hamna… (!)

Post bildeSuppe og grilling

Ut på kvelden blei det fruens fiskesuppe og grilling på land. Seinare blei me sitjande med Tysnes/Bømlo-gjengen til langt på natt. Svært hyggeleg, med mykje godt ”vakse prat”. Ein ny nær foreståande ekspedisjon til Romsa blei også planlagt.

Post bildeKveld i Husnes båthamn


Tysdag 20.7: Husnes
Dette blei ein svært regntung dag. Det hølja ned store deler av dagen. Dermed blei det mest inneaktivitetar i både ”Moira II” og ”Sir Toby”.

Post bilde
Damer på fisketur

Ut på ettermiddagen fann damene ut at dei ville ut å fiska. Dei rigga seg til med det som fantes av regnkler. Men fangsten blei ikkje så stor...

Skipperen tok ein handletur til sentrum. Kjøpte m.a. nye støvlar, som er høgst naudsynt utrustning i dette veret.


Onsdag 21.7: Husnes - Rosendal
Regn også første del av dagen, men det tok seg opp etter kvart. Folket frå Tysnes og Bømlo hadde no gått heim, men med avtale om å møtast på Romsa fredag. Me og ”Sir Toby”-gjengen valde å gå vidare til Rosendal.

Post bildeRosendal

I Rosendal fann me ein bås i den nye gjestehamna. Ein god del båtar, men me kom så tidleg at det ikkje var noko problem å finna plass. Så var det berre å ta fram straumkortet frå forrige besøk og bruka av det.

Det er vel ingen hemmelighet at Rosendal er min favoritt i indre Sunnhordland. Når ein no også kan fortøya under trygge hamneforhold, er det endå betre. Likevel har Rosendal Hamn framleis litt å gå på når det gjeld fasalitetane på land. Reinhald og ettersyn av toalett og dusjar bør bli betre, og kanskje bør heile serviceanlegget fornyast.

Første dag gjekk med til handling (m.a. nytt regntøy til skipperen!), isspising og (for nokon av oss) tur til steinparken og Kvinnherad Kyrkje. Veret blei etter kvart så bra at me kunne sitta ute på akterdekket om kvelden. Til underhaldning fekk me levande musikk frå nabobåten.


Torsdag 22.7: Rosendal
Bra ver igjen, utan at det var veldig høg temperatur. Dette blei den store turdagen for mannskapa i ”Sir Toby” og ”Moira II”. Dei fleste gjekk ein rundtur oppom Skålafjell. Underteikna gjennomførte endeleg ei lenge planlagt bestiging av (Malmanger-)Nuten.

Post bildeUtsikt frå Malmangernuten

Det blei ein fantstisk tur. Start frå fjordhotellet og nokså bratt oppover, men med flott utsikt over fjorden og bygdene. Når ein kjem heilt til topps, er det helst det mektige fjellandskapet som tek merksemda. Eg gjekk vidare innover eit område med mykje molter og spektaklært utsyn. Vidare ned til Murabotn, på ein sti så bratt at høgdeskrekken måtte haldast i sjakk. På veg ned til båten rakk eg også eit kjapt besøk innom baronihagen.

Post bildeRingeriksfossen og Murabotn

Post bildeBaroniet og hagen sommaren 2010

Ein flott dag, der me også fekk rørt litt på oss, omsider…


Fredag 23.7: Rosendal - Ølen - Litle Romsa
Etter litt handling og andre naudsynte gjeremål, løyste me tamp og sette kursen sørover mot Romsa. Her var også resten av Tysnes/Bømlo-gjengen på veg og det var planlagt rekefest til kvelden . Men først måtte me nedom Ølen for å plukka opp meir mannskap.

Veret var bra og me kunne sitta ute på dekk undervegs. Dottera og ei veninne (røynd mannskap frå tidlegare!) kom om bord, før me gjekk til Litle Romsa (Nautøy). Her var gjengen + nokre nye alt på plass. Me ”okkuperte” det meste av den vestre kaien i Klungervik, og her var det alt planlagt kor ”Moira II” skulle ligga. Med godt mannskap og bukseringshjelp frå to gummibåtar, fekk me ho på plass, trass i kraftig solgangsbris.

Post bilde
Skulle nesten tru kaien var laga for vår båt…

Så blei det (som i fjor) ein fantastisk rekefest. Veldig kjekt, med langbord på kaien, ferske reker, kvitvin og anna god drikke. Og ikkje minst svært hyggeleg selskap med kjente, delvis kjente og heilt nye bekjentskapar.

Post bilde
Rekefest for store og små

Ut på kvelden kom ”Sir Toby”, etter at også dei hadde utvida mannskapet. Og me rakk å få garnet i sjøen.


Laurdag 24.7: Litle Romsa
Me starta med å trekka garnet, og det ga ein fangst på to flotte torskar. Litt stas, sidan ingen av dei andre fekk noko i sine garn, inkl. dei nærast profesjonelle fiskarane frå Bømlo. :wink: Dermed var dagens middagsmeny i ”Moira II” klar.

Post bilde
Sommar på Litle Romsa

Dette blei ein flott dag der me kunne nyta både sol og badeliv. Temperaturen i vatnet var rundt 20 grader. Det var berre eitt problem: Øya var full av flått! Dermed måtte me undersøka oss nøye. Men det var ikkje nøye nok, skulle det vissa seg i ettertid…

Me åt fersk torsk medan dei fleste andre grilla dagens middag. I tillegg hadde fruen regien på eit større fiskesuppeprosjekt. Resultatet blei nydeleg suppe og endå eit hyggeleg fellesmåltid.

Post bildeSuppekokken i sving

Rundt oss (både i grillhuset og andre båtar) blei det etter kvart mykje trekkspelmusikk. Me nøyde oss med musikk på boks frå anlegget i ”Moira II”, med litt ekstra straumforsyning frå aggregatet til Hogne. Etter kvart tende me opp bål og hadde ein flott sommarkveld/-natt.

Post bildeSommarkveld ved fjorden... Foto: Arne L.



Sundag 25.7: Litle Romsa - Høylandsbygd
Endå ein dag med fint ver på Litle Romsa. Dei fleste blei verande ut over dagen, men så var det oppbrotstemning. Fleire skulle begynna på jobb neste dag.

Etter å ha fått med oss mest mogleg sol og sommar på Romsa, sette me og ”Sir Toby” kursen mot Høylandsbygd. Her var anna familie, og det var tillyst grillfest frå kl 18. Og igjen blei det ein solid porsjon med god mat og drikke. Den tradisjonelle familiære volleyballkampen blei også avvikla ut på kvelden.

Post bildeVolleyball i Høylandsbygd

Del 1, Del 3




Mai 2012

M T O T F L S
 123456
78910111213
141516 17 181920
21222324252627
28293031   

Kategorier

Søk i min blogg

Om "Moira II"

Post bilde

Post bilde Nauticat 33

Bygd i Åbo, Finland, 1980.
Byggenr: 730

Motor: Ford 2722 Mermaid (modifisert), 120 HK

Rigg: Ketch

Lengde: 10,40 m

Breidde: 3,25 m

Djupne: 1,25 m

Høgde: 12.50 m

Marsjfart: 7,5 knp.

Vekt: ca 8 tonn

Kallesignal: LL 4116