Flott kveldshimmelKveldens tur er eigentleg berre ei førebuing til helgeturen frå i morgon, men det blei ein fin kveldstur likevel. Planen er ein tregenerasjonars guttetur til Uskedalen i helga, der eldstematrosen (min far) skal på syskenbarntreff. Men sidan Uskedalen ligg litt for langt unna for ei vanleg helg i vår fart , tjuvstarta me i kveld med ein transportetappe til Vedholmen i Os. Dermed blir det mykje kortare i morgon og evt. på laurdag.
Me (eldstematrosen og eg) starta frå heimehamna kl 19.30. Fint ver og medstraum (låg for det meste over 8 knp.) sør over første del av Byfjorden. Men frå Sotrabrua var det knallhard motstraum, og me var heilt nede på 5 knp. Litt vind, men god temperatur. Flott raud solnedgang lovar godt for morgondagen.
Var framme og fortøyde på Vedholmen 22.45. Der låg ingen andre båtar enn sjarken som pleier å vera der. Her blei me henta, og er lovd transport tilbake igjen i morgon kveld. Då held turen fram.




Opprett egendefinert tema








