Ip.Content

JanB og "Moira II" JanB og "Moira II"
Livet ombord i ein Nauticat 33, 1980-mod.




bilde

13. - 15. august: Ånuglo og Uskedalen

Postet av JanB , 15 august 2010 · 1 Visninger

Turen starta med biltransport frå Bergen til Vedholmen, der me hadde plassert båten kvelden før. Me rakk å handla på landhandelen før stengetid og ca kl 20.30 kom me oss avgarde. Dette var ein tre generasjonars "guttetur", der eldstemann skulle på syskenbarntreff i Uskedalen. Me to yngste var var vertskap og på vanleg tur.

Post bildeTre generasjonar på tur

Kursen blei sett innover Bjørnafjorden mot Lukksundet. Flott solnedgang også denne kvelden. Veret hadde kome seg i løpet av dagen og var no bra. Men i Lukksundet møtte me frisk sønnavind.

Familiane L og F var alt på plass i Bekkjarvika på Ånuglo, og me valde å gå same stad. Dette var eigentleg å utfordra skjebnen. Ånuglo er ein stad der me ALLTID har fått trøbbel, enten det er grunnstøyting eller tau i propellen. Og i dag var det på toppen av alt fredag 13...

Ved 23-tida var me framme og blei tatt vel imot med god fortøyningshjelp i mørket. Deretter heldt kvelden fram i "Gullet" for dei eldste og i "Moira II" for ungdommane.

Laurdag morgon vakna me til strålande ver. Me blei verande på Ånuglo til ut på føremiddagen, før me sette kursen mot Uskedalen. Her fortøyde me i ein bås i gjestebrygga utanfor den eine moloen. Eldstemann traff etter kvart slekta, medan me to andre drog på sykkeltur opp gjennom dalen.

Post bildeSykkeltur innover i Uskedalen

Det blei ein flott tur med mektig utsikt over ruvande natur. I tillegg var det veldig fint å sykla innover, -flatt og lite motbakke. Me sykla så langt me kom, langt forbi der asfalten slutta og heilt inn til ein gamal gard som var i ferd med å bli istandsett igjen. Sykkeltur hit er absolutt å anbefala.

Mens eldstemann heldt seg med slekta på ungdomshuset, grilla matrosen og eg oss ein flott middag på moloen. Marinert biff med kvitløksmør, bakte poteter og salat! Og sjokoladepudding til desert! Men det skulle bli meir mat...

Etter middagen gjekk me ein liten luftetur, og utanfor ungdomshuset blei også me hanka inn til resten av slekta. Dermed blei det kaffi, cola og kaker. Og jammen fekk me med oss ein liten basar (for å finansiera treffet) også. Og me stakk av med ikkje mindre enn fire gevinstar!

Post bildeOmlag 20 grader i vatnet

Sundag var det framleis flott ver, og no endå varmare. Før me forlot Uskedalen rakk me både å bada og eta lunsj med slektningane på ungdomshuset. Så var det non stop Uskedalen-heimehamna. Vel framme ved 20-tida.

Post bildeKurs på Lukksundet igjen




Mai 2012

M T O T F L S
 123456
78910111213
141516 17 181920
21222324252627
28293031   

Kategorier

Søk i min blogg

Om "Moira II"

Post bilde

Post bilde Nauticat 33

Bygd i Åbo, Finland, 1980.
Byggenr: 730

Motor: Ford 2722 Mermaid (modifisert), 120 HK

Rigg: Ketch

Lengde: 10,40 m

Breidde: 3,25 m

Djupne: 1,25 m

Høgde: 12.50 m

Marsjfart: 7,5 knp.

Vekt: ca 8 tonn

Kallesignal: LL 4116