Måndag 26.7: Høylandsbygd - Løkjelsøy
Nydeleg ver også denne dagen. Ein stor del av mannskapet nytta høvet til å besøka badeplassen i Høylandsbygd. Litt ut på ettermidagen forlot meg Hillestadvågen og sette kursen mot Løkjelsøy.
Løkjelsøyvågen
Her var det ein god del båtar, men me fann likevel plass ved kaien innerst i vågen. For å kunna nyta kveldssola flytta me kveldens grilling bort på svaberga.
Matrosane grillar
Det blei ein relativt tidleg kveld for heile mannskapet.
Tysdag 27.7: Løkjelsøy - Leirvik
Framleis fint ver på Løkjelsøy, og me blei verande ut over dagen. Det viste seg å vera mykje blåbær på øya, så nokre av mannskapa gjekk ein tur i skogen og plukka.
Denne dagen skulle jentene forlata oss igjen, så me måtte finna ein plass dei kunne koma seg til Bergen. I tillegg begynte eit flåttbet (frå Romsa) hjå kapteinen å utvikla seg stygt, så det kunne vera trong for eit besøk på legevakta. Difor bestemte me oss for å gå til Leirvik.
På Leirvik fann me plass i den ”nye” gjestehamna og jentene reiste vidare med Flaggruten. Eg kom meg på legevakta på sjukehuset og enda opp med ein 14 dagars antibiotikakur, for sikkerhets skuld.
Så blei det besøk hos svigers, der me også fekk låna ein ekstra batteriladar, etter at me hadde klart å tøma startbatteriet kvelden før (gløymt å slå over brytaren til forbruksbatteri…).
Om kvelden kom regnet igjen.
Onsdag 28.7: Leirvik - Pilapollen
Etter diverse handling og andre gjeremål, forlot me Leivik i 13-tida. Me runda sørsida av Stord og gjekk opp Stokksundet mot Fitjarøyane. Veret var igjen på betringens veg, men me fekk frisk motevind nordover.
Etter litt diskusjon om kor me ville, enda me opp i Pilapollen på Teløy. Dette er jo ein velkjent plass og me la oss som vanleg i den ytre bukta (båten er for djup til å gå lenger inn).
Skog i solnedgang
Middag på akterdekket om kvelden og litt fisking rakk me også.
Torsdag 29.7: Pilapollen
Me blei i Pilapollen heile dagen. Veret var brukbart, men litt varierande. Litt fisking, bading og andre småaktivitetar om bord.
Middagen var sjølvfiska makrell og om kvelden blei det bål på land. Nokre karmøybuar som hadde vore naboar natta før, ga oss litt ved før dei drog (muligens som kompensasjon for litt høgt lydnivå om natta).
Vaffelsteiking på bål
Speidar-matrosen klarte å få fyr og utnytta veden på beste vis. Dermed laga me vaffelrøre og fann fram det gamle vaffeljernet, som kan brukast på bål. Det smakte veldig godt, og me hadde ein kjempefin kveld.
Fredag 30.7: Pilapollen - Bakkasund
Me måtte innsjå at neste stopp blei det siste på denne ferieturen. Det var meldt frisk bris (og muligens liten kuling) frå nordvest, men førebels merka me ingenting i Pilapollen. Me bestemte oss difor for å gå mot Bakkasund.
Kryssa Selbjørnsfjorden over til Bekkjarviksundet, og framleis var det rolege vindforhold. Men ut av Bekkjarviksundet forstod me at det kunne bli litt stamping nord over Møkstrafjorden. Det var likevel ikkje meir enn at det gjekk greitt for heile mannskapet (båten var det i alle fall ikkje problem for!).
Fortøyd i Bakkasund
I Bakkasund la me oss ved flytebrygga på sørsida (baksida av butikken), der me også låg i fjor sommar. Her var det så godt som vindstille. Ut over dagen blei det handling (skifta begge gassflaskene), turgåing, teinesetting og fisking. Men det blei lite fisk.
Laurdag 31.7: Bakkasund - heim
Siste turdag denne ferien. Vinden hadde no lagt seg på sør og var oppe i frisk bris. Det sto rett på der me låg, men det bekymra oss ikkje. For endeleg var det god og passande seglvind for oss. Fokka blei pakka fram og segla gjort klare før avgang.
Kaptein og matros for fulle segl...
Ute på Korsfjorden heiste me alle segl og fekk ein flott segltur nesten heilt inn til Bukkasundet. God vindretning, aukande kompetanse på å trimma segla, gjorde at me holdt god fart heile tida.
Før Bukkasundet blei det motordrift igjen, men me hadde tenkt å heisa dei igjen seinare. Problemet var berre at då stilna det av…
Fortøydde i heimehamna i kveldinga. Og dermed var årets ferietur over.
Del 1, Del 2
Nydeleg ver også denne dagen. Ein stor del av mannskapet nytta høvet til å besøka badeplassen i Høylandsbygd. Litt ut på ettermidagen forlot meg Hillestadvågen og sette kursen mot Løkjelsøy.
LøkjelsøyvågenHer var det ein god del båtar, men me fann likevel plass ved kaien innerst i vågen. For å kunna nyta kveldssola flytta me kveldens grilling bort på svaberga.
Matrosane grillarDet blei ein relativt tidleg kveld for heile mannskapet.
Tysdag 27.7: Løkjelsøy - Leirvik
Framleis fint ver på Løkjelsøy, og me blei verande ut over dagen. Det viste seg å vera mykje blåbær på øya, så nokre av mannskapa gjekk ein tur i skogen og plukka.
Denne dagen skulle jentene forlata oss igjen, så me måtte finna ein plass dei kunne koma seg til Bergen. I tillegg begynte eit flåttbet (frå Romsa) hjå kapteinen å utvikla seg stygt, så det kunne vera trong for eit besøk på legevakta. Difor bestemte me oss for å gå til Leirvik.
På Leirvik fann me plass i den ”nye” gjestehamna og jentene reiste vidare med Flaggruten. Eg kom meg på legevakta på sjukehuset og enda opp med ein 14 dagars antibiotikakur, for sikkerhets skuld.
Så blei det besøk hos svigers, der me også fekk låna ein ekstra batteriladar, etter at me hadde klart å tøma startbatteriet kvelden før (gløymt å slå over brytaren til forbruksbatteri…).
Om kvelden kom regnet igjen.
Onsdag 28.7: Leirvik - Pilapollen
Etter diverse handling og andre gjeremål, forlot me Leivik i 13-tida. Me runda sørsida av Stord og gjekk opp Stokksundet mot Fitjarøyane. Veret var igjen på betringens veg, men me fekk frisk motevind nordover.
Etter litt diskusjon om kor me ville, enda me opp i Pilapollen på Teløy. Dette er jo ein velkjent plass og me la oss som vanleg i den ytre bukta (båten er for djup til å gå lenger inn).
Skog i solnedgangMiddag på akterdekket om kvelden og litt fisking rakk me også.
Torsdag 29.7: Pilapollen
Me blei i Pilapollen heile dagen. Veret var brukbart, men litt varierande. Litt fisking, bading og andre småaktivitetar om bord.
Middagen var sjølvfiska makrell og om kvelden blei det bål på land. Nokre karmøybuar som hadde vore naboar natta før, ga oss litt ved før dei drog (muligens som kompensasjon for litt høgt lydnivå om natta).
Vaffelsteiking på bålSpeidar-matrosen klarte å få fyr og utnytta veden på beste vis. Dermed laga me vaffelrøre og fann fram det gamle vaffeljernet, som kan brukast på bål. Det smakte veldig godt, og me hadde ein kjempefin kveld.
Fredag 30.7: Pilapollen - Bakkasund
Me måtte innsjå at neste stopp blei det siste på denne ferieturen. Det var meldt frisk bris (og muligens liten kuling) frå nordvest, men førebels merka me ingenting i Pilapollen. Me bestemte oss difor for å gå mot Bakkasund.
Kryssa Selbjørnsfjorden over til Bekkjarviksundet, og framleis var det rolege vindforhold. Men ut av Bekkjarviksundet forstod me at det kunne bli litt stamping nord over Møkstrafjorden. Det var likevel ikkje meir enn at det gjekk greitt for heile mannskapet (båten var det i alle fall ikkje problem for!).
Fortøyd i BakkasundI Bakkasund la me oss ved flytebrygga på sørsida (baksida av butikken), der me også låg i fjor sommar. Her var det så godt som vindstille. Ut over dagen blei det handling (skifta begge gassflaskene), turgåing, teinesetting og fisking. Men det blei lite fisk.
Laurdag 31.7: Bakkasund - heim
Siste turdag denne ferien. Vinden hadde no lagt seg på sør og var oppe i frisk bris. Det sto rett på der me låg, men det bekymra oss ikkje. For endeleg var det god og passande seglvind for oss. Fokka blei pakka fram og segla gjort klare før avgang.
Kaptein og matros for fulle segl...Ute på Korsfjorden heiste me alle segl og fekk ein flott segltur nesten heilt inn til Bukkasundet. God vindretning, aukande kompetanse på å trimma segla, gjorde at me holdt god fart heile tida.
Før Bukkasundet blei det motordrift igjen, men me hadde tenkt å heisa dei igjen seinare. Problemet var berre at då stilna det av…
Fortøydde i heimehamna i kveldinga. Og dermed var årets ferietur over.
Del 1, Del 2




Opprett egendefinert tema








