- Din hjemmehavn på nettet!
- Marked
Ved friluftsrådet sin kai på Færøy.Usikkert ver gjorde at det ikkje blei overnattingstur denne helga. Men sundag var veret fint og me la ut på ein liten dagstur. Målet var Færøy, heilt sør i Hjeltefjorden. Dette er ein fin plass som ligg berre vel ein time frå heimehamna, men det var ei stund sidan sist me var der.
Trass i at veret var fint undervegs, starta det å pøsregna akkurat då me hadde fortøyd ved kaien. Men det varte ikkje lenger enn det tok oss å eta eit lite måltid i styrhuset. Deretter blei det (obligatorisk) tur til toppen, der det også blei plukka tyttebær (og litt blåbær). Men det virka som andre hadde vore der før i same ærend, så det blei ikkje mykje ut av det.
Tyttebertur
Utsikt frå toppen av Færøy mot SotraDeretter blei det kaffi og å nyta sola på dekk og kai, før me løyste tamp. Fiska litt utanfor og fekk ein lyr. Fortøyd i hamna igjen kl 21.00.
Forøvrig har hovudbrytaren ombord blitt skifta i løpet av siste veka. Det eg trudde var dårleg batteri, var eigentleg dårleg kontakt på ein svært sleten hovudbrytar.
0 kommentarer til dette innlegget
Siste innlegg
-
-
29. august: Dagstur til Færøypå 29.08.10
-
-
-
← Februar 2012 →
| M | T | O | T | F | L | S |
|---|---|---|---|---|---|---|
| 1 | 2 | 3 | 4 | 5 | ||
| 6 | 7 | 8 | 9 | 10 | 11 | 12 |
| 13 | 14 | 15 | 16 | 17 | 18 | 19 |
| 20 | 21 | 22 | 23 | 24 | 25 | 26 |
| 27 | 28 | 29 |
Kategorier
Søk i bloggen
Om "Moira II"

Bygd i Åbo, Finland, 1980.
Byggenr: 730
Motor: Ford 2722 Mermaid (modifisert), 120 HK
Rigg: Ketch
Lengde: 10,40 m
Breidde: 3,25 m
Djupne: 1,25 m
Høgde: 12.50 m
Marsjfart: 7,5 knp.
Vekt: ca 8 tonn
Kallesignal: LL 4116

Hjelp/Kontakt









