Ip.Content

JanB og "Moira II" JanB og "Moira II"
Livet ombord i ein Nauticat 33, 1980-mod.

JanB og "Moira II"



bilde

5. september: Håøya

Postet av JanB , 05 september 2010 · 17 Visninger

Av ymse årsaker blei det ingen overnattingstur denne helga, sjølv om vermeldingane var flotte. Veret blei rimeleg bra også, men først sundag slo det til for fullt. Og då kom me oss omsider ut på dagstur.

Post bildeByfjorden. Utsikt sørover, på veg nordover

Og i strålande ver forlot me (dei to...


bilde

29. august: Dagstur til Færøy

Postet av JanB , 29 august 2010 · 6 Visninger

Post bildeVed friluftsrådet sin kai på Færøy.

Usikkert ver gjorde at det ikkje blei overnattingstur denne helga. Men sundag var veret fint og me la ut på ein liten dagstur. Målet var Færøy, heilt sør i Hjeltefjorden. Dette er ein fin plass som ligg berre vel ein time frå heimehamna, men det var ei...


bilde

13. - 15. august: Ånuglo og Uskedalen

Postet av JanB , 15 august 2010 · 4 Visninger

Turen starta med biltransport frå Bergen til Vedholmen, der me hadde plassert båten kvelden før. Me rakk å handla på landhandelen før stengetid og ca kl 20.30 kom me oss avgarde. Dette var ein tre generasjonars "guttetur", der eldstemann...


bilde

12. august: Kveldstur til Vedholmen

Postet av JanB , 12 august 2010 · 5 Visninger

Post bilde Flott kveldshimmel

Kveldens tur er eigentleg berre ei førebuing til helgeturen frå i morgon, men det blei ein fin kveldstur likevel. Planen er ein tregenerasjonars guttetur til Uskedalen i helga, der eldstematrosen (min far) skal på syskenbarntreff. Men sidan Uskedalen ligg litt for...


bilde

6. - 8. august: Lurøyane

Postet av JanB , 08 august 2010 · 3 Visninger

Post bilde"Moira II" i einsam majestet

Ei knapp veke etter at sommarferieturen blei avslutta, var me klar for ny tur. Start fredag kveld kl.19.30. Mannskap var dei to vaksne og yngste matros + ein kompis.

Denne gong hadde me bestemt målet på førehand: Austre Eidsvik på Lurøyane, nær Feste....


bilde

Sommarferie-cruiset 2010

Postet av JanB , 31 juli 2010 · 3 Visninger

Post bilde
Då er årets ferietur fullført. Det blei nær tre veker på sjøen i Sunnhordland. Veret har variert frå grå regnfulle dagar til sol og varme.

Turen blei som vanleg improvisert undervegs. Me overnatta følgjande stader: Kolbeinshamn, Solstråleøya, Godøysund, Ånuglo, Husnes, Rosendal, Romsa,...


bilde

Ferieturen 2010 (del 3)

Postet av JanB , i Sommarferie 31 juli 2010 · 4 Visninger

Måndag 26.7: Høylandsbygd - Løkjelsøy

Nydeleg ver også denne dagen. Ein stor del av mannskapet nytta høvet til å besøka badeplassen i Høylandsbygd. Litt ut på ettermidagen forlot meg Hillestadvågen og sette kursen mot Løkjelsøy.

Post bilde Løkjelsøyvågen

Her var det ein god del båtar, men...


bilde

Ferieturen 2010 (del 2)

Postet av JanB , i Sommarferie 25 juli 2010 · 3 Visninger

Måndag 19.7: Husnes
Det blei ein fin dag på Husnes med mykje godt ver. Me tok livet med ro og fekk dagen til å gå med avslapping på dekk, volleyball, bading, shopping i sentrum og prat med andre i hamna. I tillegg til ”Sir Toby” og ”Gullet” var heile Tysnes/Bømlo-gjengen frå i fjor her. Også eit par kolleger var på Husnes i embets medfør. Av den...


bilde

Ferieturen 2010 (del 1)

Postet av JanB , i Sommarferie 18 juli 2010 · 3 Visninger

Post bilde Første stopp

Tysdag 13.7: Heime - Kolbeinshamn
Etter å ha klargjort båten og handla inn det meste dagen i førevegen, kom me oss av garde frå heimehamna ved 13-tida. Mannskap var dei to vaksne og yngste matros. Som vanleg hadde me diskutert mykje om me skulle ta til venstre (sørover)...


bilde

Arbeid ombord før ferien

Postet av JanB , 03 juli 2010 · 5 Visninger

Planane om kva som skal gjerast ombord er ofte mange, men mykje rekk ein ikkje over. Likevel har eg fått gjort ein god del i år. Dei siste dagane har akterdekket (den viktigaste opphaldsplassen utandørs ombord) fått ei oppshining.

Post bilde
Før/etter

Eigarar før oss har har ikkje vore så snille...






Mai 2012

M T O T F L S
 123456
78910111213
14151617181920
2122232425 26 27
28293031   

Kategorier

Søk i min blogg

Om "Moira II"

Post bilde

Post bilde  Nauticat 33

Bygd i Åbo, Finland, 1980.
Byggenr: 730

Motor: Ford 2722 Mermaid (modifisert), 120 HK

Rigg: Ketch

Lengde: 10,40 m

Breidde: 3,25 m

Djupne: 1,25 m

Høgde: 12.50 m

Marsjfart: 7,5 knp.

Vekt: ca 8 tonn

Kallesignal: LL 4116