Ip.Content

JanB og "Moira II" JanB og "Moira II"
Livet ombord i ein Nauticat 33, 1980-mod.




bilde

29. august: Dagstur til Færøy

Postet av JanB , 29 august 2010 · 6 Visninger

Post bildeVed friluftsrådet sin kai på Færøy.

Usikkert ver gjorde at det ikkje blei overnattingstur denne helga.  Men sundag var veret fint og me la ut på ein liten dagstur.  Målet var Færøy, heilt sør i Hjeltefjorden. Dette er ein fin plass som ligg berre vel ein time frå heimehamna, men det var ei stund sidan sist me var der.  

Trass i at veret var fint undervegs, starta det å pøsregna akkurat då me hadde fortøyd ved kaien.  Men det varte ikkje lenger enn det tok oss å eta eit lite måltid i styrhuset.  Deretter blei det (obligatorisk) tur til toppen, der det også blei plukka tyttebær (og litt blåbær).  Men det virka som andre hadde vore der før i same ærend, så det blei ikkje mykje ut av det.

Post bildeTyttebertur

Post bildeUtsikt frå toppen av Færøy mot Sotra

Deretter blei det kaffi og å nyta sola på dekk og kai, før me løyste tamp. Fiska litt utanfor og fekk ein lyr. Fortøyd i hamna igjen kl 21.00.

Forøvrig har hovudbrytaren ombord blitt skifta i løpet av siste veka.  Det eg trudde var dårleg batteri, var eigentleg dårleg kontakt på ein svært sleten hovudbrytar.




Mai 2012

M T O T F L S
 123456
78910111213
14151617181920
2122232425 26 27
28293031   

Kategorier

Søk i min blogg

Om "Moira II"

Post bilde

Post bilde  Nauticat 33

Bygd i Åbo, Finland, 1980.
Byggenr: 730

Motor: Ford 2722 Mermaid (modifisert), 120 HK

Rigg: Ketch

Lengde: 10,40 m

Breidde: 3,25 m

Djupne: 1,25 m

Høgde: 12.50 m

Marsjfart: 7,5 knp.

Vekt: ca 8 tonn

Kallesignal: LL 4116