Av ymse årsaker blei det ingen overnattingstur denne helga, sjølv om vermeldingane var flotte. Veret blei rimeleg bra også, men først sundag slo det til for fullt. Og då kom me oss omsider ut på dagstur.
Byfjorden. Utsikt sørover, på veg nordover
Og i strålande ver forlot me (dei to eldste) heimehamna og tok sikte på å finna ein plass å nyta dagen litt nordover. Me gjekk ikkje lenger enn naudsynt. På Håøya (vis a vis Litlebergen) var det ein del båtar, men me fann ein fin plass, kasta anker og la oss med baugen mot land. Her var me også i le for ein aukande bris frå nord.
Varm lunsj og kald pils på akterdekket. Sol og slaraffenliv, før me ut på ettermiddagen gjekk i land og tok turen opp til Håøytoppen (170 moh.) med flott utsikt i alle retningar.
Håøytoppen. Utsikt mot Alsverstraumen.
Utsikt mot Nordhordlandsbrua og Salhus.
Deretter bar det heimover igjen i forsatt flott ver. I dag var det ikkje naudsynt med styrhus (i motsetnad til ein del andre dagar denne sommaren).
Byfjorden. Utsikt sørover, på veg nordoverOg i strålande ver forlot me (dei to eldste) heimehamna og tok sikte på å finna ein plass å nyta dagen litt nordover. Me gjekk ikkje lenger enn naudsynt. På Håøya (vis a vis Litlebergen) var det ein del båtar, men me fann ein fin plass, kasta anker og la oss med baugen mot land. Her var me også i le for ein aukande bris frå nord.
Varm lunsj og kald pils på akterdekket. Sol og slaraffenliv, før me ut på ettermiddagen gjekk i land og tok turen opp til Håøytoppen (170 moh.) med flott utsikt i alle retningar.
Håøytoppen. Utsikt mot Alsverstraumen.
Utsikt mot Nordhordlandsbrua og Salhus.Deretter bar det heimover igjen i forsatt flott ver. I dag var det ikkje naudsynt med styrhus (i motsetnad til ein del andre dagar denne sommaren).




Opprett egendefinert tema









