No har dei fått skikk på det i Våge.
Gjestehamna er våren 2009 opprusta med nye brygger, i tillegg til dei gamle. To nye flytepirar, som både har båsar og plassar for longside fortøyning. Vatn og straum på bryggene.
I tillegg har alt fått ei ansiktsløfting: Blomster-urner på kaien, hyggelege kaivertar, rundstykke om morgonen, etc. Det er også laga ei lita strand ved gjestebrygga.
Dei tek ikkje hamneleige, men 150 kroner i "hamneglede" (inkl. straum).
Redigert av janb: 12.08.09 23:35