Jump to content

halsnøy, sæbøvik, fiskefestival


starpowr

Recommended Posts

Du må dra nå.. hehe. Rekefest Fredag. BEgynner vel i 19-20 tiden. KR 200,-

Fiskekonkuransen er på Lørdag og da er dere joe der.. :smiley: Eller?? Båten min er klar til avgang. Ny dasspumpe og greier..

 

Her er skrevet litt

 

Sæbøvikfestivalen startar i kveld (torsdag) med kaijazz på kaien utanfor samfunnshuset. Kaijazzen er ein arena for unge musikktalent, og i år stiller Halsnøy Storband med solistane Marie Røssland (vokal), Bjørn Tarberg (gitar), Oda Hveem (Sax) og Jonny Eide (trompet).

 

I tillegg vert det minibasar med Jostein og Hallgeir og høve til å kjøpa forfriskningar og ein matbit frå Bar B, som flyttar ut på kaien i samband med konserten.

 

Fredag kveld brakar det laus med den store reke- og krabbefesten. I telta på parkeringsplassen midt i sentrum vert det tradisjonen tru mengder av god sjømat og god underhaldning. Arve Fosse er konferansier og Vidar Høviskeland står for musikken. Dessutan vert det innslag ved lokale songarar.

 

Tidlig laurdag morgon spanderer Halsnøy sentrumsforening gratis frukost på dei som klarar å koma seg opp. Og så går det slag i slag utover føremiddagen med sal av mat, konkurransar og aktivitetar for store og små.

 

Klokka 14.00 går startskotet for fiskekonkurransen. Klarar Ansgar Grindevik å forsvara tittelen? Etter fjorårets festival meldte innsida.no sin utsende at arrangørane like godt kunne utnemna vinnaren av fiskekonkurransen i programmet på førehand. Ansgar Grindevik har visstnok fleire fiskekonkurransepremiar enn Hjallis har skøytemedaljar.

 

Det vert også opning av den nye sandvolleyballbanen utanfor samfunnshuset. Banen ligg der tennisbanen var tidlegare.

 

På kvelden vert det Standup-galla med fem komikarar frå StandUp Norge. Konferansier er Ørjan Burøe. Kvelden vert avslutta med dans med coverbandet Tick Tack på scenen.

 

Innsida

Redigert av Wellcraft (see edit history)
Link to post
Share on other sites

  • 2 år senere...
  • 2 uker senere...

Delta i diskusjonen

Du kan skrive innlegget nå, det vil bli postet etter at du har registrert deg. Logg inn hvis du allerede er registrert.

Guest
Svar på dette emnet

×   Du har postet formatert tekst..   Fjern formattering

  Only 75 emoji are allowed.

×   Innholdet du linket til er satt inn i innlegget..   Klikk her for å vise kun linken.

×   Det du skrev har blitt lagret.   Slett lagret

×   You cannot paste images directly. Upload or insert images from URL.

×
×
  • Create New...