Endå ei påske er unnagjort i Norheimsund. Stor skilnad frå i fjor, både når det gjeld veret og talet på båtar.
Mens me i fjor var totalt omlag 30 båtar, var det i år 70. Det ser ut for at folket i Norheimsund er i ferd med å få etablert eit opplegg som kan bli ein fin tradisjon for mange av oss.
Nokre av oss fekk også prøvd skia, men veret kunne nok vore betydeleg betre. Om morgonen 1. påskedag kunne me faktisk gå på ski på brygga...
Trass i dårleg ver, var opplegget i hamna godt organisert og tilrettelagt. Kaiplassen blei utnytta 100 prosent og så godt som alle fekk ligga med ei eller fleire sider av båten inn mot brygga.
Fasalitetane var også forbetra. Kaileiga var i år 150 kroner inkl. straum (for båtar opp til 40 fot). Trass i ei stigning på 50 prosent sidan i fjor, er dette likevel akseptabelt. Men då må ein kunna forventa at t.d straumtilførsla er tilfredstillande. Det var det ikkje i år. Båtliv på denne tida av året krev mykje straum. Litt for ofte rauk både hovudsikringar (for heile anlegget) og sikringane til enkeltkursar. Årsaka var m.a at fleire båtar blei kobla inn på same kurs som vaskemaskin, tørketrommel, varmtvatn på bryggeanlegget. Her er det forbetringspotensiale og dette kjem nok dei lokale arrangørane til å jobba med til neste år.
Gjestehamna i Norheimsund har gratis trådlaust nettverk. Dette er bra, men kanskje var kapasiteten litt liten. I alle fall gjekk det litt treigt når folk i 70 båtar sat inne i regnveret og surfa på nettet samstundes...
Med den kraftige auken i talet på båtar, var det også ein betydeleg auke i festfaktoren. Arrangøren hadde bedt om ro i hamna frå kl 23, men det blei ikkje respektert av alle. Heldigvis pågjekk ein stor del av den høglydte festinga "inne" i anlegget. Dermed var det relativt roleg ute i båtane, - i alle fall der me låg.
Ser fram til neste påsje (som det heiter på lokal dialekt). Påmeldingslista blir sikkert snart lagt ut på www.trebaat.no
Redigert av janb: 17.04.06 20:38