Havlengt Startet 30.Mai.2020 Del på Facebook Startet 30.Mai.2020 Har ein Nimbus 37 Carisma med 2 x KAMD 43 og HS1A med 1:1,96 i utveksling. Båten er originalt utstyrt med S7 fireblads propell 18x22. Dette er nok beste propellvalg som kunne finnast når båten var ny i 1994, men eg har lenge vurdert å skifta til S8 ( skew back ) Motivasjonen har vore håpet om ei meir stillegående drivlinje, samt at orginalpropellane har fått merka tidens tann. I vinter tok eg endeleg mot til meg og bestilte nye 18x20 type S8. Dette etter klar anbefaling frå Sleipner motor samt leverandøren eg kjøpte dei av. Eg var skeptisk til å redusera stigning med 2 tommer, men ekspertisen var klar i sin sak. No viser det seg at toppfart er redusert med 2 knop frå 28 til knappe 26, vidare er marsjfarten redusert tilsvarande. Eg må altså auka med 200--250rpm for å oppnå same fart. Dette er ikkje brukbart, men no er eg usikker på kva stigning eg skal gå for? Vil tilsvarande stigning som eg hadde med S7 vera det rette med S8 også / eller er 18 x 21 den mest fornuftige kombinasjonen? det må nevnast at eg sleit med å oppnå Max turtal med orginalpropellane når tankane var fulle og båten ferielasta. Det mangla ofte 100 rpm då. Difor heller eg mot 18x21 S8 no.. Sitér dette innlegget Link to post
Havlengt Svart 31.Mai.2020 Emnestarter Del på Facebook Svart 31.Mai.2020 Er det f. Eks. nokon som har skifta frå S7 til S8 med samme propelldimensjon og stigning? Sitér dette innlegget Link to post
Havlengt Svart 2.Juni.2020 Emnestarter Del på Facebook Svart 2.Juni.2020 - Ingen..? Sitér dette innlegget Link to post
Havlengt Svart 12.Juni.2020 Emnestarter Del på Facebook Svart 12.Juni.2020 Eg hadde sett pris på om nokon ville dela erfaringane sine her, er usikker på neste steg no. Sitér dette innlegget Link to post
Havlengt Svart 20.August.2020 Emnestarter Del på Facebook Svart 20.August.2020 Denne har falle gjennom fire gangar uten svar, no prøver eg ein siste gong.. Hadde vore veldig fint med nokre betraktningar Sitér dette innlegget Link to post
Recommended Posts
Delta i diskusjonen
Du kan skrive innlegget nå, det vil bli postet etter at du har registrert deg. Logg inn hvis du allerede er registrert.