Jump to content

Fikse himlingen i salongen


Kloppine

Recommended Posts

Då har me skifta ut alle madrassene og vaska alle trekka, samt vaska alle "ryggmadrassene", dei som utgjer ryggen i benken. Me kjøpte nye madrasser på Jysk og skar til, det trur eg vil fungere fint. Ribbebunn frå Ikea er innkjøpt for å legge under madrassene, satsar på å få tilpassa den i helga.

 

Så til det eg lurer på. Himlingen i salongen og forpiggen er løs her og der, dvs at ei skrue har mista festet sitt ein stad og limen har løsna nokre stader. Har nokon noko råd om kva lim eg bør bruke for å feste det att?

Har lyst til å spraye med vinylspray for å få det lyst og fint, for den fargen som er no ser meir ut som jordslag enn noko anna. Eg har ringt rundt i helie byen, for å få tak i nokon som sel vinylspray og fekk til slutt tak i ein som kunne hjelpa meg. Vinylspray er visst fantastisk, aberet er at det kostar 498,- for ein boks som dekka 1kvm. Med andre ord dyrt. Då kan eg like godt trekke ny himling, men det er antakeleg ein mykje større jobb.. Såh, kva no..

Dei har vinylspray på Biltema, er litt skeptisk, men om alternativet er å trekke om kan eg like godt prøve den og sjå om det vert bra tenker eg. Om ikkje anna kan eg dele erfaringane med dykk:) Sidan det er himlingen som skal lakkast er det ikkje mykje slitasje, som i t.d. eit sete.

 

Har de nokre tips/råd rundt dette, set eg pris på det:)

 

 

 

 

Link to post

Hm, har lakka himlingen i forpiggen med vinylsprayen frå Biltema. det var ikkje optimalt. Vart mykje spraytåke, vanskeleg å både puste og sjå, sto halve tida med hovudet opp gjennom takluka og trakk pusten. Innser no at eg sikkert burde hatt pustemaske av eit eller anna slag. Eg tykte det var vanskeleg å få det jamnt og fint, fargen var krittkvit, så små bulkar i underlaget visar godt. Det var egentleg vanskeleg å sjå om det var sprayen som var ujamn eller om det var underlaget. Brukte 4 boksar maling og ein boks grunning. No skal det seiast at det er godt mogleg det var utøvaren og ikkje produktet det var noko gale med:)

 

Tok ned finerplatene og tok med hjem.

strøk lim på med rulle og pensel (litt seigt med bare pensel)

Legg en godt lag og fest skaien på nytt, strekk ut evt. bulker og stift fast.

Jeg la den på gulvet med skaien ned og plasserte tunge bøker oppå til limet var tørket (dagen etterpå)

 

I salongen har me skrudd ned platene og vil fylgje din framgangsmåte Janoho. Kor lenge venta du frå du hadde hatt limen på platene til du hadde på skaien? Meiner eg har lese ein stad at ein bør la den turke litt før ein har på skaien. Eller gjeld det kun når ein limer direkte på glasfiberen?

 

Er det andre som har erfaringar med dette, skriv gjerne eit ord om det.

Link to post

Jeg limte på med en gang, det er ikke noe løsemidler som skal avdampes slik som i kontaktlim.
Det tar også litt tid å stryke på limet, viktig å ha fuktige kluter i nærheten som du tørker vekk limsøl på skaien med.
Ikke la limsølet tørke på skaien.

Vil anbefale rustfrie stifter hvis du får tak i det. bruk et lite skrujern og en tang til å trekke ut de gamle stiftene.

anbefaler også å kle platene stående, f.eks opp mot en vegg. Det blir da mindre søl enn hvis man kler de liggende på gulvet.
Arbeidsstillingen er også mer behagelig.

Når alt ser pent ut la jeg platene på rengjort gulv med skaien ned og tunge bøker oppå. lot de ligge i ca. 1 døgn.

dette ble helt strøkent.

Du kan regne med at det går inntil 0.5 ltr lim på 1 kvm.

Redigert av Janoho (see edit history)
Link to post

Delta i diskusjonen

Du kan skrive innlegget nå, det vil bli postet etter at du har registrert deg. Logg inn hvis du allerede er registrert.

Guest
Svar på dette emnet

×   Du har postet formatert tekst..   Fjern formattering

  Only 75 emoji are allowed.

×   Innholdet du linket til er satt inn i innlegget..   Klikk her for å vise kun linken.

×   Det du skrev har blitt lagret.   Slett lagret

×   You cannot paste images directly. Upload or insert images from URL.



×
×
  • Create New...