
sunnmøre
Kjøpte ny sprayhood og kalesje no i år, men bestemte meg for å fikse den gamle for å ha til vinterbruk. Las litt om Singer 201, mange skryt av denne maskina. Det ligg også mange filmar på YouTube. Fann omsider ei vakker maskin frå 1953 på Finn. Skifta litt kabler, og smurde litt her og der. Har aldri sydd noko tidlegare, så eg visste ikkje kva eg gjekk til. Sydde over dei gamle saumane på kalesja. Skifta glidelås og kantband. Fiksa nokre rifter. Største utfordringa var utskifting av fem vindu. Fekk til det meste, men det er bra at kalesja berre skal brukast på den mørkeste årstida. Finishen var langt i frå det proffane får til. Saumane var slett ikkje beine, men vart bedre etterkvart.
Eit tips som eg nytta, var å bruke silikonspray på stoffet. Dette var lurt når eg sydde i vindua. Eg festa vindua med dobbelsidig tape, og utan silkonsprayen så la limen seg på måla og laga litt krøll.
Kjem til å prøve meg på nokre småprosjekt i løpet av vinteren for å lære litt meir. Sy veske til grillen, trekk til rattpidestallen med meir. Stoffet i sprayhooden held kanskje nokre få år til, men om eg har båten så kjem eg nok til å prøve å sy ny «vintersprayhood» etterkvart.
Og det beste til slutt?Sjølv med kjøp av symaskin, så vart jobben mykje rimelegare enn nokon proffe skulle gjort det. Kjekt for ein gnien sunnmøring?