Jump to content

Pussing og lakking av gammal Mørebas 15


sunnmøre

Recommended Posts

Sist veke kom eg over ein gammal Mørebas 15. La inn eit bod, og fekk noko utilsikta tilslaget. Prisen var ikkje noko å seie på, men det er litt jobb å gjere. Båten vart skada under stormen Dagmar, og har sidan det ikkje vore brukt.. Båten har ein Evinrude 25XP, 1991 modell. Denne har heller ikkje vore starta sidan før Dagmar. Går greitt å dra motoren rundt, så skal bli spanande å sjå kva som skjer når eg skiftar pluggar og reingjer forgassaren.

 

bilde

 

 

 

 

Skaden er eit 15 cm langt hol på sida, over vassflata. Dette holet er greitt å fikse med glasfiber og epoksy.

 

 

bilde

 

 

 

 

 

 

Det er lurer på førebels, er kva lakk og grunning (om det er nødvendig) eg skal bruke over vasslinja, utvendig og innvendig. Har ikkje lakka båt tidlegare, så eg er heilt grøn på dette området.

 

Båten har tidlegare vore lakka blå, veit ikkje kva type lakk som har vore nytta, heller ikkje om det er 1-/2-komponent. Som de ser av bilete, har eg utvendig delvis slipt inn til gelcoaten, berre litt blå lakk som er igjen. I tillegg er der enkelte plassar med bar glasfiber, i tillegg kjem reperasjonen av holet, som eg kjem til å nytte glasfiber og epoksy/ epoksysparkel for å tette.

 

Har vurdert denne lakken, som er to-komponent:

http://www.biltema.no/no/Bat/Kjemikalier/Maling-og-lakk/2-komponent-polyuretan-36532/?artId=36536

 

Og denne som eg trur er ein-komponent:

http://www.jula.no/catalog/fritid/bat-og-maritime-produkter/batmaling/batlakk/lakkfarge-550169/

 

 

Lakken skal og nyttast innvendig i båten. Vaska med høgtrykk og turbodyse, som de ser har ein del av lakken løsna. Håper at det er nok å pusse ned der lakken sit dårleg, og å matte ned resten.

 

 

bilde

 

 

Så spørsmåla er:

Grunning utvendig og innvendig, kva er naudsynt?

 

Kva type lakk bør eg bruke når eg ikkje veit kva som er brukt tidlegare?

 

Veit at det finnast trådar frå tidlegare, men vel likevel å starte ein ny tråd.

 

NB! Dette er eit økonomiprosjekt. Tek sikte på å gjere det så billeg som råd. Har Biltema og Jula ikkje så langt unna, så det blir gjerne handla der.

Om eg beheld båten, er det som krabbe- og fiskebåt, så finishen er ikkje 100% kritisk. Har ein 15 fotar til, så det var mest for moro eg skaffa meg denne. Kjekt å få prøve litt lakkarbeid:-)

Redigert av sunnmøre (see edit history)
Link to post

Delta i diskusjonen

Du kan skrive innlegget nå, det vil bli postet etter at du har registrert deg. Logg inn hvis du allerede er registrert.

Guest
Svar på dette emnet

×   Du har postet formatert tekst..   Fjern formattering

  Only 75 emoji are allowed.

×   Innholdet du linket til er satt inn i innlegget..   Klikk her for å vise kun linken.

×   Det du skrev har blitt lagret.   Slett lagret

×   You cannot paste images directly. Upload or insert images from URL.



×
×
  • Create New...