
Steini
Då har eg hatt ein 290 gummibåt i 2 år. Den er egentlig nett lik som maritim sin.
Som ein sikkert har sett på andre tråder eg har skrevet litt i, så har ikkje denne båten passet så bra til mitt bruk.
Det har vert ein heilt ok båt, men når eg no bur ombord i seglbåten, så bruker eg jolla mykkje til både fiske,teiner, og mangen turer rundt om. Så eg har lest mykkje om gummibåter dei siste åra, og vurdert mangen alternativ både her og der. Har spurt mangen andre ka dei synst om jollene sine.
Så etter ein del leiting, så har eg funnet den som eg trur passer meg best. Har ikkje prøvd den, eller sett den i real life. Men etter ein del bilder og mangen andre sine kommentarer og omtaler har eg tatt valget og bestillt meg ein.
Valget havna på ein Highfield cl 310, som eg skal ha min 6mnd gamle mercury F 9,9 på.
Så no venter eg berre i spenning på å få den i posten :)