Jump to content

Skifte hjullager Brenderup 602V 1978-modell


ArveL

Recommended Posts

Hei, takk for eit veldig nyttig forum som eg har hatt mykje nytte av.

 

Min 1978-modell Brenderup 602V (med AL-KO typ A, VX206 aksling) treng nye hjullager. Sjå bilete for dimensjonar, bilete nr to er andre sida av lagra:

 

bilde

bilde

 

Det indre lageret har eg funne her: http://hengerdeler.com/product/kulelager-6205-10/

Når det gjeld tetningsring til dette lageret, så står dimensjonane på. Men det ser ut til at berre breidde på 7 mm er å få tak i (t.d. her: http://hengerdeler.com/product/tetningsring-alko-30527-bremse-16251635-39/. Når eg måler breidda på den relativt hardt skadde tetningsringen er den visselig 7 mm og ikkje 5 mm. Og er det viktig at typen er TC, eller er det greit så lenge den passar lageret og spindelen?

 

Ytre lager har eg ikkje funne, veit nokon kor eg kan leite?

 

Om slike lager er å få tak i på Jula eller Biltema vil det vera ein bonus.

 

På førehand tusen takk for svar, båten bør på sjøen snart!

Link to post

Tusen takk for svar, eg fann endelig ein forhandlar (her i Tromsø) som hadde lager på lager.

 

Den neste utfordringa er at på det innerste lageret er det litt slark mellom indre ring på lageret og sjølve akseltappen. Med andre ord sviv heile lageret rundt, og ikkje kulene.

 

Slik eg ser det er det tre alternativer:

 

1. La det vera slik det er, med litt slark (uansett langt betre enn slik det var)

2. Bruke ein kjørner og lage små hôl rundt akseltappen for å auke diameteren slik at innerringen på lageret sit betre fast

3. Bruke Locktite 638. Problemet her er å få alt dette på plass, fordi lageret må pressast inn på navet i forkant. Med all greasen som skal inn trur eg det kan vera vanskelig for Locktiten å feste seg.

 

Eller er det andre synspunkt? I verste fall må akseltappen kappast av og ny må sveisast på, men det er ein jobb for vidarekomne.

 

Eg tenker også å beholde tetninga på lagera (begge er RS), sjølv om det gamle innerlageret var åpen på ei side.

Link to post

Det er viktig at det er kulene som går rundt, ikke lageret, ettersom du da vil slite bort gods både på lageret og tappen relativt raskt, samt kan oppleve varmgang med påfølgende skjæring osv.

 

Det beste er selvfølgelig å benytte lager som passer akkurat, eller bytte tappen dersom den er slitt, men det er jo en hel del arbeid, Jeg ville nok bare forsøkt å limt det fast med 638 dersom det var mulig, det pleier å holde bra.

Link to post

Delta i diskusjonen

Du kan skrive innlegget nå, det vil bli postet etter at du har registrert deg. Logg inn hvis du allerede er registrert.

Guest
Svar på dette emnet

×   Du har postet formatert tekst..   Fjern formattering

  Only 75 emoji are allowed.

×   Innholdet du linket til er satt inn i innlegget..   Klikk her for å vise kun linken.

×   Det du skrev har blitt lagret.   Slett lagret

×   You cannot paste images directly. Upload or insert images from URL.



×
×
  • Create New...