Jump to content

Vannbåren varme, skifte ut bråkete vifter med datavifter?


sunnmøre

Recommended Posts

Ser at de bruker 2 vifter i serie, det gir liten gevinst på luftmengde ift økt strømforbruk.

Uansett interessant å se at de bruker PC-vifte. Veldig gunstig i båt pga det lave strømforbruket og lite støy.

 

 

Volvo Flygmotor lanserte dieselvarmer med pc-vifte for ca 35 år siden. (Papst vifte, ingen kina-produsenter den gangen...)

 

Ardic MiniMax båtvarmer

Er dette en Wallas varmer? Og hvorfor varmer den ikke?

Dokumentarkivet

Link to post

Takk for alle svar. Som eit forsøk, har eg no bestilt denne vifta: https://www.netonnet.no/art/datakomponenter/kjoling/kabinettvifter/fractaldesign-dynamicgp-12white120mm/216314.11127/

Har funne nokre testar der vifta kjem bra ut når det gjeld luftstraum og støy.

Har også bestilt siliconforing og "gummimonteringsskruar" til montering. Bestilt dette fra Ebay.

Får montere opp dette i den eksisterande vifta i salongen. Blir spennande å sjå korleis denne løysinga blir i forhold til den orginale.

Link to post

Vil nok tru at Tec7 vil dempe støy og vibrasjonane. Slik viftene mine er montert no, så er dei direkte mot massivt materiale. Det gjer at støyen forplanter seg meir enn nødvendig.

Skal legge ut resultat etterkvart. Har instalert ein desibelmålar på telefonen. Denne er sjølvsagt ikkje nøyaktig, men vil nok gje ein indikasjon. Har også ir-termometer, som kanskje på ein eller annan måte kan brukast til å måla varme som kjem ut... Blir i alle fall spennande å prøve ut.

Link to post
  • 3 uker senere...

Ser meget bra ut, Baracuda. Blir spennande når du får testa det.

Hos meg har det stoppa litt opp. Hadde ei lita lekkasje rundt stigerøret. Når eg fiksa det, fekk eg naturlegvis luft i dieseltilførselen til Ebern. Prøve å starte han fleire gongar utan suksess. Enda med at han gjekk i lås. Las i instruksjonsboka, etterpå sjølvsagt, at varmaren går i lås etter 10 startforsøk. Må ha diagnoseverktøy for å låse han opp igjen. Riiiiimeleg irriterande...... Har bestilt meg diagnoseverktøy på Ebay, så får håpe det kjem om ikkje alt for lenge.

Link to post
  • 1 måned senere...

No er endeleg varmaren oppe og går. Har skifta dieselpumpe og eksosanlegg. Det var faktisk litt eksoslekkasje frå eksosanlegget. Skummelt! Varmeapparatet ligg under køya i akterlugaren, litt uheldig med lekkasje der.... Kjem nok til å plassere ein ekstra co-alarm i stuerommet der Ebern er montert. No blir det etterkvart utprøving av ulike vifter. Er ombord no. To Heliosvifter held stabil temperatur på 22 grader, på lavaste effekt. Men dei støyer altfor mykje, sjølv på lavaste effekt, så noko må gjerast :-)

Link to post

Sunnmøre.

Har prøvd forskjellige datavifter men de leverer for lite luft.

Prøvd å sette viftene både foran og bak radiator uten noen bra effekt.

Vurderte viftene til Comair Rotron, men fikk tak i 7 stk små Papst vifter, og vil prøve disse  først selv om de støyer mer. ( Får dempe hastigheten til minimum )

De bråker noe men får justere hastigheten ned.

Varmeren min er på 15 kw så anlegget mitt er varmt på 10 min.

Vurderer og kjøpe en 2 kw element og montere inni ett rustfritt rør for varme når jeg har tilgang til strøm.

Må også støydempe eksosen. ( Høres ut som en Mig jager ;) )

Veldig behagelig varme må jeg si av vannvarmeren. 

Link to post

Takk for svar, tips og tankar. Trur eg kjem til å bygge ein varmar som seilglede viser til i innlegg 11, med 2*140 mm vifter og plassere denne i salongen. Flytter den Heliosen eg har der til forpiggen. Får då to vifter der. Kjem til å ha den eine orginal, og den andre med stillegåande datavifte. I akterlugaren og toalettet har eg to Heliosvifter, her kjem eg også til å skifte ut til datavifter. Trur at dette er tilstrekkeleg med vifter til å få ut all effekta av varmaren på 5 kw. Har i tillegg til viftene trekt slangen til varmaren under dørkplatene, så eg har litt gulvvarme. Når båten er oppvarma, så trur eg det er tilstrekkeleg å køyre dataviftene for å halde varmen stabil :thumbsup:

Link to post
  • 3 måneder senere...

Ting tar tid :lol:

Har omsider fått instalert ein radiator med datavifter i båten.

Kjøpte denne radiatoren https://www.techbay.no/product.html/techbay-radiator-extreme-2x120-45?category_id=180   

BestMarin i Ålesund hadde passande koblingar radiator - slange. Skrudde dei fast med litt gjengeteip. Det viste seg at det skulle lite til før innfestinga til koblingane i radiatoren var sprengt.... Hadde på mykje epoxy i tillegg, så det ser ut til å vere tett.

Monterte vifter:https://www.netonnet.no/art/datakomponenter/kjoling/kabinettvifter/fractaldesign-dynamicgp-12white120mm/216314.11127/

 

Er ganske fornøgd med resultatet. Viftene kunne gjerne vore kraftigare.Når båten er varm, så klarer desse viftene å halde hovedlugaren varm. Var på tur for nokre veker sidan. Då var det 5-6 minusgrader om kvelden. Når dørene til akterlugar, toalett og lugaren framme var stengt, så var temperaturen stabilt på 22 grader i lugaren. Det må også nemnast at eg har slangane som fraktar varmtvatn liggande rett under dørkplatene. Det gjer at dørken held god temperatur, ca 20 grader.

 

Støynivået er meget behageleg. Kjøleaggregatet bråker meir enn viftene. Vifta til batteriladderen høyrast også meir.

 

Har ein DB- målar på telefonen. Denne er heilt sikkert ikkje korrekt, men gjev ein indikasjon. Dataviftene var 12 db stillare enn ein Eber Helios 2kw på lavaste stille, og heile 18 dm stillare enn Heliosen på høgaste stille.

 

Kjem til å lage ein radiator til lugaren framme også. Denne blir 2*140 mm, for å få litt meir effekt. Kan hende eg lager ein ekstra i salongen også. Kjem også til å legge slanger under dørken på toalettet også. Dørken på toalettet er iskald i forhold til der det er "dørkvarme".

 

Har elles også installert ei ekstra sirkulasjonspumpe som eg hadde liggande. Har straumbrytar på denne, så ho er vanlegvis ikkje i bruk, men er ei god hjelp for å få ut luft av systemet. Sleit lenge med å få ut luft. Hadde ein tur i styggever for nokre veker sidan. Då rista og slo båten så mykje at lufta vart vekke.

 

 

 

 

Link to post

Delta i diskusjonen

Du kan skrive innlegget nå, det vil bli postet etter at du har registrert deg. Logg inn hvis du allerede er registrert.

Guest
Svar på dette emnet

×   Du har postet formatert tekst..   Fjern formattering

  Only 75 emoji are allowed.

×   Innholdet du linket til er satt inn i innlegget..   Klikk her for å vise kun linken.

×   Det du skrev har blitt lagret.   Slett lagret

×   You cannot paste images directly. Upload or insert images from URL.



×
×
  • Create New...