
Fjordgubbe
Det eg lurar på i denne samanhengen er forma på stussen på eksosutløpet. Den kan vel formast slik at det danner seg eit "vakuum" ved utløpet? Veit ikkje om dette betyr noko, men hos meg går utløpet ut på sida av badeplattingen, og jamnt med vassstraumen. Altså ingen "vakuum" her. Når båten har liten fart er utløpet over vatnet, og utan buldring, medan det kjem under vatnet (10 cm) ved større fart. Då synest eg og det buldrar unødigt mykje. Ser av bilda over dette vert ordna på ymse vis, men kva er rett?