
FirstFullFart
Takk for innspel.
Eg fokuserer vidare på innanbords med hekkagregat vs utanbordsmotor. Det er der "hunden" er gravd ned :-)
Eg ser heilt klart fordelane med utanbords motor.
Samstundes har eg ein djevel på skuldra som ikkje gjev seg på innanbords.
Så, oppføgings-spørmålet vert då om vedlikehald og reparasjon av innanbordsmotor og hekkagregat.
Eg har som sagt naust til denne båten og kan kan fint lage meg til løftebjelke, og taljer. Båten står i krybbe/hengar så tilgang på drev og underside er ingen problem. Kan eg gjere det meste sjølv? Eg er ingen mekanikar, heller ein praktikar, og evner å sette meg inn i saker og ting.
Vil normalt, årleg vedlikehald og utbetring av "vanlege" problem (eg veit ikkje heilt kva det er, men ser føre meg at skrog-gjennomføring er ein gjengangar) la seg gjere av ein stk glad amatør med standard verktøykasse?
Eller snakkar vi spesialutstyr, ingeniørinsikt, skjeldne deler og tusenvis av arbeidstimar?
(pluss -minus 100 000 kan fint bety 120 000. )