
Dinamo
mntja - elektroinstallatør er eg ikkje, men fekk omtrent 40 år i elektrikarfaget før eg blei helselaus, og uføretrygda.
I eit slikt arbeid hadde vi "forskrifter for elektriske anlegg" å holda oss til, seinare blei den delt i ein del for lavspenningsanlegg på land, ein del for høgspent og ein del for maritime anlegg. Der er maritime anlegg definert som alt som flyt, frå den minste jolle med ei lyspære ombord, til flåter for fiskeoppdrett til skip til oljeplattformer, ogso dei faste. Desse forskriftene har vore revidert mange gonger gjennom mi yrkesaktive tid, men det som har stått lenge er at kabler med eintråda ledere skal ikkje brukast, dette er grunngitt med at vibrasjonen ombord får desse kablane til å knekke.
Ein annen ting, som eg berre har hørt om, er at PVC kjem til å bli forbudt i kabler. Dette på grunn av at den ved ein brann avgir klorgass som er sterkt etsande og miljøskadelig.
Eit slikt forbud vil ramma både PN, PR og lampettledning.
Edit: lat meg leggja til at i fartøy med spenning 24 volt og lavare, som ikkje skal klassast, vert ikkje det elektriske anlegget kontrollert.