Jump to content

Leige seilbåt i Hellas


Mixer'n

Recommended Posts

Dette er ein rapport om vår seiltur i Hellas.  Turen foregår i seilbåt utleigd frå firmaet Kavas Yachting i Athen.  Etter ein del sondering valde vi å leiga direkte hos Kavas, og ikkje gå gjennom meglar i Norge.

 

Båten er ein Oceanis 38, årsmodell 2015. Båten har 2 ratt og 2 ror. 3 lugarar, eitt toalett, dusj i eige rom. For oss 4 personar ombord er båten romsleg. Vi hadde også tilbod om ein Oceanis 37 frå 2007, men valde denne båten, mest på grunn av at den har 2 ratt. I desse trakter er det hekken til som gje!d, og då er det greit med passasje i mdten mellom ratta.

 

Leigeperioden er frå 2. til 9. september. Vi ankom Athen fredag 1.

 

Etter ei natt på hotell innfant vi oss på basen til Kavas kl 12:00.  Formaliteter vart ordna, men båten var ikkje heil klar. Ventetida vart brukt til proviantering.  Ein representant frå ein butikk, eldre herremann, sto klar for å kjøra oss til sin butikk. Her gjalt det å kapra kunden før han fekk tid å tenkja. "First drinks then food". På drikkebutikken var fyren bekymra for at me ikkje kjøpte nok drikke, så det var nødvendig med litt skuespel. "This is my wife" erklærte han og peika på ein mann i 30-åra. Alle i butikken skratta, me sto og måpte.

 

Etter at runden i matbutikken var unnagjort vart alt levert ombord i båten. Båten var fortsatt ikkje heilt klar, men etter ein halv times venting var det teknisk gjennomgang av båten, og ca kl 16:00 var vi klar til å forlata Athen.

Redigert av Mixer'n (see edit history)
Link to post

Utafor Athen fekk me vind frå sør rundt 6 m/sek. Først var planen å gå til austsida av øya Aigina. Men for å sleppa å ha vind og sjø rett imot valde me å endra destinasjon til vestsida av Angina, som me valde å kalla øya. Det vart ein fin seilas til me nerma oss NV spissen av Angina. For  motor runda me neset og gjekk sørover vestida av øya på jakt etter ledig hamn. Me enda opp i Perdika der me droppa anker på ca 4 meter djupn, altfor nær andre båtar, men i det stille veret gjekk det greit. Vakna til vindstille. At det var strålande sol treng ikkje nevnast, det er det heile tida her.

 

Dagens mål var øya Poros. Vi hadde ein flott seilas til vi nådde sundet vest for Poros. For motor gjekk me inn sundet og søraustover til Poros by. Den ligg i eit trangt sund der Galatas ligg på andre sida. I leia, som er på Poros-sida og blir trafikkert av ferjer og andre større fartøy, er det 3 - 5 meters djupn. På Galatas-sida er det  ikkje seilingsdjupn. Anker vart droppa på ca 2 meters djupn. Så vidt ute av leia. Lunch vart inntatt på ein taverna rett ved havna.

 

Ut på natta bles det opp vind frå nord. Heldigvis var det ein av mannskapet som ikkje sov. Ca kl 2 losna ankerfestet. Vi dreiv mot nabobåten, men snarrådig manøvrering frå den vakne gjorde at me unngjekk ein smell.  Ankeret vart droppa på ny, men etter denne hendelsen vart skipperen sitjande på dekk. Vinden auka ytterligare, og ca kl 04:00 var vi i drift igjen. Etter dette gav vi opp, ankeret vart heist og vi seig sør-austover i sundet. Målet denne dagen var Hydra. I følgje Cruising guiden, som båten er utstyrt med, må ein vera ganske tidleg på dag for å få plass i hamna der. Vi var no likevel altfor tidleg. Men i den sterke vinden og i mørkret, ville me ikkje prøva å ankra e!ler gå til havn nokon stad. Vi seig difor mot destinasjonen så sakte me kunne. Vinden auka, og vindmålaren viste opp mot 29 knop. Då det lysna fann me likevel ei lun vik der me droppa ankeret på  4 meter djupn. Me fekk eit par timars kvile før me i 9-tida sette kursen mot Hydra hamn. Der var det ein ledig plass rett innafor moloen. Litt trangt, men "then you get to know us better" meinte vår nye nabo, ein grekar i ein gammal velbrukt båt.

Redigert av Mixer'n (see edit history)
Link to post

Hei Erik, eg betalte 1700 euro for denne båten for ei veke. 37-fotaren eg nemte i starten kunne eg fått for1100.  Så kjem det "end cleaning and linen et.c." med 105 euro.

 

Duppe: Båten har eit vanleg ploganker. Botnen var mudder, i Cruising guiden beskrevet som "excelent".  Mulig eg hadde for lite kjetting ute, det var trangt om plassen.

 

Øya Hydra er verdt eit kapittel for seg sjølv. Denne øya uten bilar, der all transport foregår med esel.  Leonard Cohen hadde hus der, og i år var det sett opp ein benk til minne om han.

 

Som sagt, me kapra ein ledig plass rett innafor moloen.  Det strøymde heile tida på med båtar. Me låg alle med anker i baugen og hekken til. Etter kvart var det 3 rekker utanpå  kvarandre på denne måten. Alskens passasjerbåtar og taxibåtar ut og inn i stor fart heile tida.  Men det roa seg sjølvsagt til kvelden.

Me vart liggjande på Hydra 2 netter. Havneavgifta var 4,45 euro (!!) for første natta, andre natta ville dei ikkje ha betalt for i det heile!

Idag segla me vidare, er no komne til øya Spetses. Det var ein strekning på 15 NM med flott segling i vekslande vind. Me fekk oss ein god plass, også her med anker framme og hekken til. Prisen er 20 euro pr natt. No skal me straks på land og få oss middag.

 

Imorgon må me starta på tilbaketuren til Athen.  Skal vera tilbake fredag kveld.

Link to post
13 hours ago, Mixer'n said:

 Leonard Cohen hadde hus der, og i år var det sett opp ein benk til minne om han.

 

 

 

Jeg tror at huset fortsatt er i familiens eie. Det var her han møtte norske Marianne Ihlen som døde for ikke så lenge siden og mange kjenner kanskje sangen; So long, Marianne?

 

https://www.youtube.com/watch?v=oTenx7RBQZs

Ser frem til den dagen Corona er en øl og Donald er en and!

Link to post

I Spetses foregår denne veka Festival Armata. Det var sett opp utescene der det igår vart framført eit teaterstykke om den greske sjølvstendekrigen (1821 - 1829) med mykje gresk musikk.

 

Me forlet Spetses 10:45 idag. Først fin slørevind, så vindstille, deretter vind rett imot. Det vart kryss i 3 - 6 m/s. Siste leggen inn til Poros i platt lens ca 5 m/s. Undervegs fekk me besøk av ein flokk delfinar. Ankomst Poros 18:15.

 

Denne gongen ligg me fortøyd på vanleg måte med anker i baugen og hekken til.  Middag er intatt på ein taverna 100 meter frå båten. Her, som alle stader me har besøkt, er det mange spisesteder å velga mellom. Vårt valg blir gjort ved hjelp av TripAdvisor. Så langt har det vore blink kvar gong.

Link to post

I Poros havn låg me godt  inntil vi vart vekt av vilter ringing av kyrkjeklokker.  Seinare på morgonen gjentok den viltre ringinga seg, uta at me  fann noko mønster i det.  Etter ein  analyle blandt dei ombordverande kom m fram til at klokkaren nok har inntatt for mykje ouzo.

Me lå ved ei ganske ny flytebrygge. Det er faktisk første gongen me har lege ved ei flytebrygge her i Hellas. Ellers er det faste kaiar.  Her jo ikkje nevnande tidevatn.

 

11:30 kasta me loss for den siste etappen mot Athen og Alimos marina, der Kavas yachting har basen sin. I starten var det 3 m/s rett imot. Etter kvart dreia vinden og auka på i styrke.  Frå øya Aigina og inn til Aten var det stabilt 5 - 7 m/s rett bakfrå.  17:45 var me framme i Alimos marina.

 

All fortøyning vart overtatt av folk frå Kavas, 6 personar invaderte straks båten og saumfarte den frå for til akter, innvendig og utvendig, dykkar sjekka båten under, det vart fylt diesel, 39 liter, 49 euro.

 

Forrige avsnitt er skrive utan punktum, for det var slik det var. Alt foregjekk i ekspressfart.  Litt sjokkerande etter å ha hatt båten for oss sjølv i ei veke.

 

Me skal liggja i båten her i hamna ti i  morgon. Då er det oppgjerets time. Det går nok greit. Me har ingen skadar på båten. Og sjefen var og helste på, og ville gjerne at me kom tilbake neste år....

Link to post

Delta i diskusjonen

Du kan skrive innlegget nå, det vil bli postet etter at du har registrert deg. Logg inn hvis du allerede er registrert.

Guest
Svar på dette emnet

×   Du har postet formatert tekst..   Fjern formattering

  Only 75 emoji are allowed.

×   Innholdet du linket til er satt inn i innlegget..   Klikk her for å vise kun linken.

×   Det du skrev har blitt lagret.   Slett lagret

×   You cannot paste images directly. Upload or insert images from URL.



×
×
  • Create New...