Jump to content

Edit History

Mixer'n

Mixer'n

Dette er ein rapport om vår seiltur i Hellas.  Turen foregår i seilbåt utleigd frå firmaet Kavas Yachting i Athen.  Etter ein del sondering valde vi å leiga direkte hos Kavas, og ikkje gå gjennom meglar i Norge.

 

Båten er ein Oceanis 38, årsmodell 2015. Båten har 2 ratt og 2 ror. 3 lugarar, eitt toalett, dusj i eige rom. For oss 4 personar ombord er båten romsleg. Vi hadde også tilbod om ein Oceanis 37 frå 2007, men valde denne båten, mest på grunn av at den har 2 ratt. I desse trakter er det hekken til som gje!d, og då er det greit med passasje i mdten mellom ratta.

 

Leigeperioden er frå 2. til 9. september. Vi ankom Athen fredag 1.

 

Etter ei natt på hotell innfant vi oss på basen til Kavas kl 12:00.  Formaliteter vart ordna, men båten var ikkje heil klar. Ventetida vart brukt til proviantering.  Ein representant frå ein butikk, eldre herremann, sto klar for å kjøra oss til sin butikk. Her gjalt det å kapra kunden før han fekk tid å tenkja. "First drinks then food". På drikkebutikken var fyren bekymra for at me ikkje kjøpte nok drikke, så det var nødvendig med litt skuespel. "This is my wife" erklærte han og peika på ein mann i 30-åra. Alle i butikken skratta, me sto og måpte.

 

Etter at runden i matbutikken var unnagjort vart alt levert ombord i båten. Båten var fortsatt ikkje heilt klar, men etter ein halv times venting var det teknisk gjennomgang av båten, og ca kl 16:00 var vi klar til å forlata Athen.

Mixer'n

Mixer'n

Dette er ein rapport om vår seiltur i Hellas.  Turen foregår i seilbåt utleigd frå firmaet Kavas Yachting i Athen.  Etter ein del sondering valde vi å leiga direkte hos Kavas, og ikkje gå gjennom meglar i Norge.

 

Båten er ein Oceanis 38, årsmodell 2015. Båten har 2 ratt og 2 ror. 3 lugarar, eitt toalett, dusj i eige rom. For oss 4 personar ombord er båten romsleg. Vi hadde også tilbod om ein Oceanis 37 frå 2007, men valde denne båten, mest på grunn av at den har 2 ratt. I desse trakter er det hekken til som gje!d, og då er det greit med passasje i mdten mellom ratta.

 

Leigeperioden er frå 2. til 9. september. Vi ankom Athen fredag 1.

 

Etter ei natt påhotell innfant vi oss på basen til Kavas kl 12:00.  Formaliteter vart ordna, men båten var ikkje heil klar. Ventetida vart brukt til proviantering.  Ein representant frå ein butikk, eldre herremann, sto klar for å kjøra oss til sin butikk. Her gjalt det å kapra kunden før han fekk tid å tenkja. "First drinks then food". På drikkebutikken var fyren bekymra for at me ikkje kjøpte nok drikke, så det var nødvendig med litt skuespel. "This is my wife" erklærte han og peika på ein mann i 30-åra. Alle i butikken skratta, me sto og måpte.

 

Etter at runden i matbutikken matbutikken var unnagjort vart alt levert ombord i båten. Båten var fortsatt ikkje heilt klar, men etter ein halv times venting var det teknisk gjennomgang av båten, og ca kl 16:00 var vi klar til å forlata Athen.



×
×
  • Create New...