Jump to content

Edit History

Mixer'n

Mixer'n

Utafor Athen fekk me vind frå sør rundt 6 m/sek. Først var planen å gå til austsida av øya Aigina. Men for å sleppa å ha vind og sjø rett imot valde me å endra destinasjon til vestsida av Angina, som me valde å kalla øya. Det vart ein fin seilas til me nerma oss NV spissen av Angina. For  motor runda me neset og gjekk sørover vestida av øya på jakt etter ledig hamn. Me enda opp i Perdika der me droppa anker på ca 4 meter djupn, altfor nær andre båtar, men i det stille veret gjekk det greit. Vakna til vindstille. At det var strålande sol treng ikkje nevnast, det er det heile tida her.

 

Dagens mål var øya Poros. Vi hadde ein flott seilas til vi nådde sundet vest for Poros. For motor gjekk me inn sundet og søraustover til Poros by. Den ligg i eit trangt sund der Galatas ligg på andre sida. I leia, som er på Poros-sida og blir trafikkert av ferjer og andre større fartøy, er det 3 - 5 meters djupn. På Galatas-sida er det  ikkje seilingsdjupn. Anker vart droppa på ca 2 meters djupn. Så vidt ute av leia. Lunch vart inntatt på ein taverna rett ved havna.

 

Ut på natta bles det opp vind frå nord. Heldigvis var det ein av mannskapet som ikkje sov. Ca kl 2 losna ankerfestet. Vi dreiv mot nabobåten, men snarrådig manøvrering frå den vakne gjorde at me unngjekk ein smell.  Ankeret vart droppa på ny, men etter denne hendelsen vart skipperen sitjande på dekk. Vinden auka ytterligare, og ca kl 04:00 var vi i drift igjen. Etter dette gav vi opp, ankeret vart heist og vi seig sør-austover i sundet. Målet denne dagen var Hydra. I følgje Cruising guiden, som båten er utstyrt med, må ein vera ganske tidleg på dag for å få plass i hamna der. Vi var no likevel altfor tidleg. Men i den sterke vinden og i mørkret, ville me ikkje prøva å ankra e!ler gå til havn nokon stad. Vi seig difor mot destinasjonen så sakte me kunne. Vinden auka, og vindmålaren viste opp mot 29 knop. Då det lysna fann me likevel ei lun vik der me droppa ankeret på  4 meter djupn. Me fekk eit par timars kvile før me i 9-tida sette kursen mot Hydra hamn. Der var det ein ledig plass rett innafor moloen. Litt trangt, men "then you get to know us better" meinte vår nye nabo, ein grekar i ein gammal velbrukt båt.

Mixer'n

Mixer'n

Utafor Athen fekk me vind frå sør rundt 6 m/sek. Først var planen å gå til austsida av øya Aigina. Men for å sleppa å ha vind og sjø rett imot valde me å endra destinasjon til vestsida av Angina. Det vart ein fin seilas til me nerma oss NV spissen av Angina. For  motor runda me neset og gjekk sørover vestida av øya på jakt etter ledig hamn. Me enda opp i Perdika der me droppa anker på ca 4 meter djupn, altfor nær andre båtar, men i det stille veret gjekk det greit. Vakna til vindstille. At det var strålande sol treng ikkje nevnast, det er det heile tida.

 

Dagens mål var øya Poros. Vi hadde ein flott seilas til vi nådde sundet vest for Poros. For motor gjekk me inn sundet og søraustover til Poros by. Den ligg i eit trangt sund der Galatas ligg på andre sida. I leia, som er på Poros-sida og blir traffikert av ferjer og andre større fartøy, er det 3 - 5 meters djupn. På Galatas-sida er det  ikkje seilingsdjupn.Anker vart droppa på ca 2 meters djupn. Så vidt ute av leia. Lunch vart inntatt på ein taverna rett ved havna.

 

Ut på natta bles det opp vind frå nord. Heldigvis var det ein av mannskapet som ikkje sov. Ca kl 2 losna ankerfestet. Vi dreiv mot nabobåten, men snarrådig manøvrering frå den vakne gjorde at me unngjekk ein smell.  Ankeret vart droppa på ny, men etter denne hendelsen vart skipperen sitjande på dekk. Vinden auka ytterligare, og ca kl 04:00 var vi i drift igjen. Etter dette gav vi opp, ankeret vart heist og vi seig sør-austover i sundet. Målet denne dagen var Hydra. I følgje Cruising guiden, som båten er utstyrt med, må ein vera ganske tidleg på dag for å få plass i hamna der. Vi var no likevel altfor tidleg. Men i den sterke vinden og i mørkret, ville me ikkje prøva å ankra e!ler gå til havn nokon stad. Vi seig difor mot destinasjonen så sakte me kunne. Vinden auka, og vindmålaren viste opp mot 29 knop. Då det lysna fann me likevel ei lun vik der me droppa ankeret på  4 meter djupn. Eit par timars kvile før me i 9-tida sette kursen mot Hydra hamn. Der var det ein ledig plass rett innafor moloen. Litt trangt, men "then you get to know us better" meinte vår nye nabo, ein grekar i ein gammal velbrukt båt.



×
×
  • Create New...