
Nils
Eg finerte litt i ungdommen, som del av ei aldri heilt fullført snekkarutdanning. På kantane brukte vi ikkje finér, men kantlister. Framgangsmåte ser du under. Finér som typisk er 0,7mm tjukk gjev ei svak avslutning i forhold til skadar, og er ikkje så lett å få fin.
Om du ikkje får tak i same treslag som plata, kan du bruka noko som liknar. Treverket sveller litt av vatnet i limen. Om du høvlar bort /pussar for tidleg, vil området rundt fuga trekka seg saman og laga eit lite søkk når fuga tørkar.