Ask
Hei
Eg har to slike motorar i båten min, men dei har segldrev.
Motorane har gått over 5500 timar.
Det har vore lite problem med motorane, men dei svettar litt olja.
Eg plar sjekka at viftereimane er passe stramme, at viftereimhjula står paralelt, at motorane har høveleg med olja og kjølevæska.
I løpet av 14 år har eg skifta nokre viftereimer, kjølwvæska, oljeskift, dieselfilter, justert dyser, skifta 3-4 eksosbend, dioder på dynamoane, og skifta innslaget på den eine startmotoren, og nokre pakningar og zimmerringar. Kort sagt slitedeler.
I tillegg knakk beslaget ein strammar viftereima med, så det har eg fått sveist to ganger.
Dersom boltane som sikrar dynamoen i stram posisjon ikkje er tilstrekkeleg stramma, vil det lett kunne bli ovale hol i beslaget på motoren. Det kan gjera det vanskeleg å få viftereimhjula på linja. Her har eg fått laga eit beslag for å utbetre det problemet.
Pakningen på oljepeilepinnane har òg blitt slitt, så dei har eg skifta.
Eg har òg skifta nokre slangar.
Eg kjøper deler på yanmardeler.no
Ask