Ask
Hei
I dag fekk eg eit nytt eksemplar av "RSMAGASINET". Nok ein gong irriterar eg meg over plasten som er rundt bladet.
I det eg riv av plasten ser eg, med raude bokstavar, "NÅ SKAL HAVET REDDES".
Samstundes dett det ut tre vedlegg.
Vedlegga kastar eg i papirbosset. Ulest.
Plastomslaget går i plastbosset.
Det står i bladet at bladet har eit "Godkjent opplag. 153 591" Det blir nokre kilo per nr., og per år.
No trur ikkje eg at mange medlemmar kastar plastomslaga til Redningsselskapet sitt blad på sjøen, men Redningsselskapet bør kutta ut denne unaudsynte plastemballasjen.
Kva synest folket?
Link til denne tråden er sendt Redningsselskapet, post@rs.no
Ask