
Kark II
Ein og anna fornuftig prisa og relativt ny finns nok i markedet, men jamt over synes eg prisane for brukt er stive. I skrivande stund er den billegaste F150 ute til 70k, då ein 2007 modell, medan den billegaste heilt nye kostar 140k. Det er klart differansen på 70 000 er ein heil del, men då får ein altså kliss ny motor med garanti, i staden for ein 11 år gamal motor utan garanti. Om om ein reknar med 10% verditap per år (berre for å ta eit tal), burde ein F150 vore verdt ca 40 000, - etter ti år. Men markedet er ikkje heilt samd, diverre.
Skilnaden då eg handla ny F100 var relativt sett lik, men mindre i kroner sjølvsagt. For meg var det betre å bruke 100k på kliss ny motor som eg kan stole på i årevis, enn å bruke 50k på ein motor som eg ikkje ville vore like trygg på.
Om ein motor blir stolen, vankar det vel oftast økonomisk støtte frå eit forsikringsselskap? Det gjer kanskje at ein ikkje treng grave smerteleg djupt i lommeboka for å erstatte ein brukt motor med ein annan brukt motor? Hoppet opp til heilt ny motor kjennest kanskje enno større ut då? I TS sitt og mitt tilfelle må ein uansett grave ganske djupt i lommeboka sidan gamal motor er øydelagd og verdilaus, og då er kanskje ikkje skilnaden like stor? I alle fall ikkje psykisk?
Ved nærare ettersyn, ser eg jo at TS sin motor tok fyr. Kanskje det likevel vankar støtte frå eit eventuelt forsikringsselskap? Mykje av det som gjorde det enklare for meg å ta valet om å kjøpe heilt ny motor, var frykta for å kaste vekk 50 000 på ein motor som vart øydelagd året etter. Om ein får utbetalt erstatning, slepp ein jo til ein viss grad denne frykta.