
JanB
Eg har vore lukkeleg eigar av Nauticat 33 i 12 år. Selde min båt for eitt år sidan. Det var ein 1980-modell, med mykje eksotisk treverk både inne og ute, og ein av dei første som hadde overbygget i glasfiber (og dermed færre lekkasjar). Båten var tung og traust, men tryggare båt finst ikkje. Eg hadde ikkje baugpropell, men den langkjølte båten lot seg fint manøvrera med berre ror og propell (ein kunst som mange har gløymt ...). Med det tunge deplassementskroget skjedde aldri noko overraskande, sjølv om det sjølvsagt kunne røra godt på seg i tung sjø.
Me hadde i utgangspunktet tenkt at dette også skulle gje oss ein smak på segllivet. Men me fann fort ut at det kunne me berre gløyma. Nauticat 33, basert på eit finsk fiskeskøyteskrog, er ingen seglbåt, men ein motorbåt med (stor) segl-rigg. Er det segling du er ute etter så kjøp heller ein klassisk eldre seglbåt frå Orust el. l. Men er det ok å gå mykje for motor i 7,5 knop, nyta livet ute på poop-dekket og inne i styrhussalongen + mykje anna areal, så er Nauticat 33 eit godt val. Seglet kan brukast til motorsegling og kan gje litt spart diesel og stabilitet i sidesjø.
Men eldre båtar krev mykje arbeid - særleg når det er ein del treverk å vedlikehalda. DET var grunnen til at eg avslutta Nauticat-eventyret. Kanskje kjøper eg ein igjen når eg blir pensjonist og får betre tid til å pusla med slikt.
PS: Oppfølgaren, Nauticat 331, som kom på 90-talet, skal vera mykje betre eigna for segling. Der blei det gjort store endringar på skrog/kjøl og ror. Og det blei etter kvart også mindre treverk ombord.