
Knallipadden
DS Thorolf har gått på et skjær i Gulen på vei til Nordsteam i Bergen. Det ser heldigvis ikke ut til å ha store skader og er tett, men ligger med slagside. Håper det går bra og at vi får se den i Bergen til helgen.
Bilde og tekst under fra fjordsteam.no
DS THOROLF er i dag det eldste dampskip av tre i Skandinavia. D/S Thorolf er bygd av skipsbyggjaren Andreas Svoldal, Rosendal, I 1910-1911, men fullført ved Brunholmen Mek.Verkstad i Ålesund. Skipet vart tiring av tekstilfirmaet O. A. Devolds Sønner A/S i Langevåg. Bedrifta nytta skipet til å frakte seljarar, prøveartiklar, råmateriale og ferdige produkt langs kysten av Noreg, frå Sørlandet til Finnmark. Firmaet åtte og brukte D/S Thorolf til slutten av sekstiåra, då det forliste. Seinare skifta D/S Thorolf eigarar, vart reparert og gjort sjødyktig.
I 1988 vart stiftinga D/S Thorolfs Venner etablert, og overtok skipet. 21. mai same år førte medlemmane skipet tilbake til Langevåg, og med stor entusiasme tok dei til med ei omfattande restaurering. Sommaren 1991 var D/S Thorolf igjen sjødyktig. I 1998 vart det oppdaga omfattande roteskader i tillegg til omfattande skader på kjelesystemet og båten måtte gjennom ei omfattande restaurering ved Mellemverftet i Kristiansund. No er båten igjen sjødyktig.