Havlengt
Det er den tida på året...
Har tatt opp båten i dag og starta med spylejobben. Har som vanleg eit tynt lag med brun-grøn groe som sit inni he...... fast.
Har prøvd å sprøyta på eit middel som kallast "trailervask" for deretter å la dette virka ei tid - før spyling.
Dette hjelper, men er ikkje optimalt.
Er det nokon som har god erfaring med andre løysemidlar?
Kan nevna at det er sjølvpolerande bunnstoff utanpå hardt bunnstoff med primer innerst. Det gjer dermed ikkje noko om det sjølvpolerande stoffet forsvinn i prosessen.