Anders94
Hei,
Me er to femte-års studentar frå NTNU i Trondheim som har satt i gang med ein start-up der me skal bruka trådlause sensorar til overvaking av forskjellige utfordringar på båtar som ligg til havn. Målet er å kunna spara både tid og unngå eventuelle skader ved å gjennom ei nettside tidleg oppdaga utfordringar båten kan bli utsett for til havn.
Sensoren er som nevnt trådlaus og vil ha batteritid på minimum 2 år. Den fyrste prototypen vil kunna gje kontinuerlig oppdatering på temperatur, krengning på båten samt om det er vatn i bunn av båten. Denne informasjonen vil ein kunna følga med på ei nettsida, samt med planar om å kunna setta opp alarm til tlf/epost dersom visse verdiar blir nådd. Denne fyrste prototypen vil i nær framtid være klar til testing. Vidare vil målet væra å kunne tilby skreddersydde sensorar som er tilpassa brukarens behov, der me allereie har fleire sensorar i tankane.
I den samanheng er me ute etter tilbakemelding via eit spørreskjema på ein slik idè. Me er interessert i generell interesse for å kjøpa eit slikt produkt, kor mykje ein som båteigar er villig til å betale, kva sensorar som er mest gunstig, nye idéar til sensorar og om noko lignande allereie er på markedet. Spørreundersøkelsen tar berre nokre minutt, og me ville satt stor pris på tilbakemelding på spørjeskjema her: https://goo.gl/forms/8WivEZyyxZj03Jf82
Vidare er me også på leit etter engasjerte båteigarar som kunne vore interessert i å bli med på eit pilotprosjekt på testing av vår prototype. Grunna praktiske årsaker må båten befinna seg i nærheit av Trondheim sentrum, samt at båten må ha noko form for tak. Dersom nokon i Trondheim er interessert i dette og oppfyller krava, ta kontakt her inne.
Håpar på positiv respons!