
Steini
Hei Solvinge, og velkommen til Båtplassen!
Eg og min little famile har nett budd eit år i vår Bavaria 42 i Haugesund. Me er tre stk totalt.
Denne båten hadde grei plass og fekk montert det meste av bekvemmeligheter. Sjølv om me no har enda opp med å kjøpa oss ein større, men eldre båt.
Det kjem jo ein del an på kor i landet dåke skal bo, med tanke på temp, og andre fasiliteter.
Me for vår del var me stort sett koblet til landstrøm når me låg i haugesund, så me slapp å holda varme med diesel brennaren.
Me brukte ein adax vvt 9, som stod for varmen ombord når me var koblet til landstrøm:
Litt av grunnen til at me kjøpte "ny" seilbåt var at me har styrehus i den. Så me kan sitta inne å seila i surt og kaldt vinterver.
Me monterte også vaskemaskin på badet forut. Dette var nesten eit must med barn ombord.
Det som kunne by på litt problem, var jo at veldig mangen havner stenger vannet på vinteren. Dette løyste eg med å laga ein brannkobling med adapter til garden kobling. (nor.kupl)
Så fekk eg jallfall tak i vann, der det var brannkoblinger på kaien :)
For å få vekk båtlukt og fukt brukte me ein slik avfukter:
https://seatronic.no/batpleie/avfuktere/avfukter-mea-dd8l-zambezi
Denne har også ozon funksjon, som tar vekk ein god del lukt. (denne funksjonen skal ikkje stå på når dåke er ombord)
Den maskina anbefales. Brukte den også til å tørke klær, etter dei hadde vert i vaskemaskinen.
Båtvalget ditt skal eg ikkje blanda meg inn i, då det er så mykkje personlig kva ein liker.
Men sjekk lengden på sengeplassen, og ikkje minst takhøyden. Dette er viktige ting når ein skal bu ombord. Jallfall for meg som er litt over 190cm. Takhøyden over byssa er også viktig.
Om du har nokre lure spørsmål om det å bu ombord, så send gjerne ein PM til meg, så skal eg svare så godt eg kan.
Litt om vår båt ser du kansje på vår gamle tur tråd: https://baatplassen.no/i/topic/128201-midgard-på-tur/
Men me stortrivdes ombord, og håper me snart kan gjør da igjen !
(må berre utstyra og få Nauticaten slik me vil ha den)
Om du leser greit engelsk, finne du også ut masse om det å bu ombord her:
http://www.cruisersforum.com/forums/f74/