
Ask
Hei
Noko skal ein jo gjera for å få jolaferien til å gå.
Mitt jolaprosjekt er å snekra ei flytebrygga.
Eg har tre flytebrygger frå før, og tanken er å bygga denne flytebrygga enkelt og rimeleg. Ikkje minst å bruka ting eg har frå før.
Det første er å kjøpa ein stad å ha brygga. Det er den dyre delen....
Her er brygga under bygging. Bjelkane er 2*6, 5,4 meter lange, trykkimpregnerte, og kjøpt for formålet. Pris 2000, inkludert ca. 50 meter terrassebord, 28*120 mm. Om ein ser etter ser ein at bjelken i enden er gjenbruk. Endebjelkane er frå ein gamal terrasse eg reiv.
Desse Bjelkane er 30 år gamle, og av "den gamle gode" giftige sorten.
Bygginga blir gjort i eit av nausta. Der har eg ljos, og det bør vera overkommeleg å få skubba brygga ut. Det er òg greitt å kunne stå inne, og å starta og avslutta arbeidet utan mykje rigging av utstyr.