Jump to content

Isolere 30 fot ferrocement motorseiler


kosefisken

Recommended Posts

Som eg har skrive tidlegare, og eg har ikkje endra meining etter alle innlegga, ville eg gått fram slik:

 

Primer for kontaktlim på skrogsida, berre om naudsynt for heften sin del, ikkje for tetting.

2,5 cm - 5 cm Armaflex eller tilsvarande limt til skrogsida med god kontaktlim. Stundom er det ein fordel med to lag istaden for eitt, for å unngå for stort spenn i isolasjonsplatene.

Skrogtrekk limt direkte på isolasjonen. (Lett å tilpasse krumme flater.)

 

Ikkje prøvc noko anna, det blir håplaust tidkrevande. Husk at båten har mange dobbeltkrumme flater som gjer det til ein utfordring med platekledning. Tenk og på alle avsluttningane. Ein gamal båt til 30 000 er heller ikkje verdt ein mykje meir arbeidskrevande konstruksjon. Det bør stå i forhold.

 

Å lime lekter (hugs impregnering av lektene, og kanskje primer for heft og) på krumme skutesider kan vere vanskeleg. Hugs her blir spenn i lektene og det kan medføre glipp i liminga. Slike glipp er ikkje enkle å utbetre når alt er kome på plass. Alt må av.

Du må ha avstand mellom isolasjon og skrog. Kva brukar du her? Men dette finn du nok ut av.

Til slutt må du lime/skru plater på lektene. Stive plater på dobbeltkrumma skrog? Ikkje det enklaste om du ikkje deler platene godt opp. Kraftigt spenn her og som dreg lektene utover. Lett i teorien, ikkje like lett i praksis.

Til slutt limer du på skrogtrekket, det er enkelt.

 

Ikkje bruk noko anna enn Armaflex (fabrikkmerke) ellere tilsvarane. Skal du likevel sikre deg litt lufting, freser du inn v-spor med passande mellomrom på baksida av isolasjonsplatene. Då har du teke det beste frå begge leirar. Hugs høgt turtall.

 

Dette var no mitt forslag. Er langt ifrå nokon ekspert. 

 

 

Redigert av Fjordgubbe (see edit history)
Link to post

Delta i diskusjonen

Du kan skrive innlegget nå, det vil bli postet etter at du har registrert deg. Logg inn hvis du allerede er registrert.

Guest
Svar på dette emnet

×   Du har postet formatert tekst..   Fjern formattering

  Only 75 emoji are allowed.

×   Innholdet du linket til er satt inn i innlegget..   Klikk her for å vise kun linken.

×   Det du skrev har blitt lagret.   Slett lagret

×   You cannot paste images directly. Upload or insert images from URL.



×
×
  • Create New...