
Ask
Hei
Etter at eg starta denne tråden har eg fått tallause IM med spørsmål om kva båt dette gjeld.
Diverse etterretningstenester har òg luska i buskane. Det er såleis på tide å avsløra kva båt det er.
Etter ein farefull ferd i minst 600 000 millisekund var me framme der den nyerverva båten låg.
Med stor spenning opna me naustdøra. Med litt makt lot dørane seg opna. Det knirka i rustne låsar, og hengsler. Her hadde det ikkje lukta kristen manns blod på mange tiår!
Kva dukka så fram frå gløymselen?
Det openbarte seg ein oselvar på ca. 18 fot.
Legg merke til garnsøkkene som ligg i båten, lengst frå fotografen.
Nett som Amundsen brukte synåler, og glassperler, som byttemiddel i handel med eskimoar, brukte eg garnsøkkene i bytte med hjelp til å løfta oselvaren.
I dette primitive distriktet er "hard valuta" av liten verdi.