
Ask
Familiesnekke skrev for 3 timer siden:Hvis tau er så dårlig totalløsning; hvorfor selges det da, og er det ingen fordeler med tau? De fleste tilbudene er med blytau...
Hei
Årsaka til at tau blir anbefalt er at dei som anbefaler dette nesten utelukkande er motorbåtfolk, og ikkje veit betre. Som det står i skriften. "Tilgi dem. De vet ikke hva de gjør."
For somme er det viktig å kunne stå på ein flybrigde, og styra ankervinsjen med ein fjernkontroll. Då stuar vistnok tau best. Av ein eller annan grunn er det òg veldig viktig å få baugen mot land.
Dei få gangane me har fortøyd slik har ein person handtert anker bak for hand. 10 kg Bruce original, 5—6 meter med kjetting, og resten tau.
Dersom du ikkje kan ligga på svai, men på død og liv må ligga til land, kvifor ikkje vera varsam, unngå å bakka propellen i botn, og ligga med hekken til land?
Eg vil påstå at det er betre å ha skikkelig vinsj, anker og kjetting i baugen. Då kan du bruka ankerarrangementet både på svai, og ved å ha hekken inn mot land.
For to år sidan betalte eg 7 000 for ein 1500 w vinsj. Anchorlift. Ubrukt på finn. 5000 for 50 m 10 mm galvanisert, og kalibrert kjetting. Seatronic.
20—25 000 for eit bra ankervinsarrangement i baugen, så får du ei bra jolla for differansen.
Då er det lett å ligga for svai, og du slepp å ligga fender mot fender med andre båtar.
Dette var kanskje ikkje spot on svar på spørsmålet ditt, men eg håpar dette var til litt hjelp.
Lykke til.
Ask