
Komlo
Yamarin vurderer eg absolutt. Ser dei jamnt over får god omtale. Dei kostar stort sett deretter og. Yamaring 5220 og 53br ser supre ut, men 53br er noko "dyr".
Når det gjeld motormerke greier eg ikkje gjera meg opp ei meining. Då me var unge/små var regelen "alle visste" slik:
Yamaha er best, men tung og treg.
Evinrude er raskast.
Johnson er berre trøbbel og søppel.
Mercury er billiggreier.
Honda er for raringar som vil vera anleis.
Suzuki er for eksotisk og ukjent (lagar ikkje dei bilar liksom).
Dette er jo sjølvsagt berre fjas, men slik var den uskrevne regelen då me vaks opp.
I dag har eg ikkje aning på kva som er bra og ikkje, men eg har sett at ATL motorane (frå 2010 og nyare)til Suzuki har ganske lav vekt, lite støy og kjede i staden for reim. Desse ser jo ganske bra ut. Yamaha er vel stort sett alltid bra.
Edit: Forøvrig veldig kjekt med respons på den gamle tråden min.
Når det gjeld korleis båten går i bølger, spelar det mindre rolle for meg. 98% av bruken vil vera på flat sjø. Me bur ved Hardangerfjorden,langt frå skjærgården. Stort sett vil altså bølgene båten opplever koma frå andre båtar. Sjølvsagt kan det koma dårlegare ver, og det kan vera behov for å koma seg heim i litt sjå, men det er ikkje snakk om uhandterleg for ein kva som helst båt over 10 fot. Då kan farten tilpassast, slik at me kjem oss heim. Me har heller ikkje hytta som me evt må til eller frå uansett vær. Det viktigaste vil vera ein bår som er, og vil opplevast, trygg for ungane.
Askeladden 475 er absolutt ein super båt til fine dagar på fjorden. Ulemper er vindskjerm for kun 2 pers., nesten ingen med kalesje, litt undermotorisert med 60hk som er største godkjente alternativ. I tillegg er prisen såpass høg at eg greier ikkje rettferdiggjera båten kontra t.d. ein bowrider på 17 - 18 fot med 5 plassar i cockpit og kalesja.
Morgan 5250/530/535 med 90hk har eg av ein eller anan grunn liksom sett meg ut som den heilage gral blant bowriderar. Eg veit ikkje heilt kvifor, men dei er jo fine.
Bella 512 Excel med 90 hk har eg vel sett meg ut som meir oppnåeleg økonomisk, då desse ofte er ein del eldre.
Yamarin 5220/53 med 80 - 10hk ser ut til å vera "den beste" (om enn kanskje litt trauste) båten i klassen ut i frå det eg les. Bruktprisane tilseier og det same.
Ellers har ein jo AMT 175 , Nordkapp 500, Ryds 515 gtx og ein del amerikanarar i om lag same klasse.
Å kjøpa meg ein eldre båt plagar meg ikkje så mykje. Derimot er eg meir skeptisk til eldre motor, spesielt eldre 4T.