Tollak
Var litt i ørska i helga og stengde dieseltilførselen (har ventil på dieselslangen) i staden for å opne den. Etter ein liten halvtime på sjøen gjekk det som det måtte gå - motoren stogga, fekk hjelp til å komme meg i land og oppdaga feilen eg hadde gjort då eg skulle stenge ned båten.
I går var eg uti båten for å prøve å få liv i motoren, og det var då lite tegn til liv (kinner godt, men ikkje antyding til tenning). Eg vil då anta at å lufte er einaste utveg? Forsøkte å opne det eg trudde var dysene, men det hadde ingen effekt.
Fann også guiden til Marna https://marna.no/m-serien/m1-m3-lufting-av-dieselpumpe/ men utfordringa mi er at eg ikkje finn igjenn brennstoffpumpa som det her visast til. Eg ville trudd desse skulle være på toppen av motoren(?), men finn nokon nede på styrbordside, kan det være der dei er plassert?
I denne guiden står det også " 1. Skru av røret til dysen." Kvar finn eg dette røyret?
Har lagt med eit bilete av motoren sett ovanfrå om det kan være til hjelp for å teikne. Tek gjerne i mot tips og triks som kan gjere jobben min så enkel som mogleg.