
aleksbe
Hei!
Skulle gå frå Haugesund til Husnes på søndag. Om lag 36 nm. Det blei med håndstyring, då autopiloten ikkje ville fungere.
Plugga den i, og fekk ikkje den normale pipelyden, og ingen bevegelse i armen som er festa på rorkulten. Den viser koden 2000 og lager nokon heller slakke pipelydar...
Det er mulighet for at den har fått fukt på seg, då det var ein lekkasje i eit vindu i båten, men eg åpna autopiloten og såg ingen tegn til irr eller fukt. Har og målt spenning i uttaket som viste 13V.
Legg ved ein video som viser kva som skjer når eg plugger den i og trykker på auto eller kursendring. Nokon som har forslag til vidare feilsøking, eller har vore borti liknande før?
Båten brukes mykje aleine, og må sei det blei ein lang nok dag på søndag når ein må stå ved rorkulten i 7 timar, så skulle gjerne hatt liv i denne igjen