
Steini
Ombord i Jandia har me ein slik automatisk sak med kvern. Men denne går kun på 220v. Då me ikkje har stor nok inverter enno, så må me fyre i gang generator, om me skal ha kaffi på det viset. Det er også elektrisk ovn, med kokeplater ombord.
Så for å sleppe å starte generator når eg står tidlig opp, eller vil ha litt kaffi på kvelden/natta, så var det berre to valg så eg vurderte:
Enten ein slik:
Greit nok da eg har eit par makita verktøy ombord.
Eller ein slik:
Valget mitt falt på den siste, da den kan brukes til fleire ting, samt at eg trenger den berre fram til mai/juni ish, då eg får ombord lifepo4 batteri og inverter. Me har 24v anlegg, så då får ein litt meir ut av slike vannkokere. Ved 12v tar det ei god del lenger tid å koke vann.
Sikkert dei som meiner at det er unødigt for eit på mnd, men morgonkaffien er veldig viktig. Men ikkje viktig nok til å vekke sjefen og admiralen tidlig på morgonkvisten :)