Ask Startet 9.Juni.2020 Link til dette innlegget Startet 9.Juni.2020 Hei Eg hadde båten på land for eit par veker sidan. Då skifta eg ma. membranane på begge segldreva, Yanmar SD20. Då må ein jo sku fråkvarandre flensen som klemmer hovudmembranen fast på segldrevet. Det er òg ein o-ring som det er greit å skifta samstundes. Eg festa ikkje o-ringane med pakningsstoff, men satte dei godt inn med grease. Det same gjeld annleggsflatane mellom drev og membran. Det kan ikkje utelukkast at o-ringane har kome ut av stilling, men eg trur ikkje det. Ein annan båt, med same segldrev, hadde problem med at o-ringen kom skeivt, og oppdaga det ved at det rant olja ut av kjølevassinntaket nederst på drevet. Eg var difor merksam på dette, og tok ut oljelokket, slik at det kom luft inn i drevet, og lot det stå slik over natta. Det var ikkje antydning til olja i kjølevassinntaka. Eg skifta òg o-ringen på tappepluggane. Etter ein tur på 5-6 timar så sjekkar eg olja på det eine drevet. Den såg kvit ut. Då hadde eg nett køyrt motoren i gir i 5-6 minutt. Typisk teikn på vatn i olja. Då sjekka eg det andre drevet. Der såg olja heilt fin ut. Då køyrte eg motoren i gir i ca. 5 minutt. Då såg olja kvit ut. Det er, og skal vera, litt luft på toppen av drevet. Dette truleg for å ta høgda for at olja ekspanderer når den blir varm. Når eg opna pluggen rett etter å ha stogga motoren så rann olja over. Dette pga. at luft er "piska" inn i olja, trur eg. Eg har lite lyst til å ta båten på land, og eg har enda mindre lyst til å stå ein heil dag på hovudet i maskinromma. Eg freistar såleis å overtyda meg sjølv om at kvitfargen skuldast luft som er "piska" inn i olja. Eg lurar på om det er sannsynleg at dette skuldast luft i olja. Dersom det er vatn så lurar eg på om det går fint om eg utset skifte til hausten, eller til neste år? Dette er truleg avhengig av kor mykje vatn som eventuelt kjem inn, men eg er takksam for synspunkt. Ask Sitér dette innlegget Link to post
Eureka Svart 9.Juni.2020 Link til dette innlegget Svart 9.Juni.2020 Kjenner ikke til seildrev, men kan du suge opp en større mengde olje fra peilehullet? Du burde vel se om det er vann eller luft? Og eventuelt etterfylle derfra ? bilder sier mye. Sitér dette innlegget Link to post
TomasV Svart 9.Juni.2020 Link til dette innlegget Svart 9.Juni.2020 Min erfaring på SD20 drev er at oljen kan se litt luftig/hvit ut rett etter at motor er kjørt. Jeg sjekker alltid olje (mengde og farge) når motor har stått stille en god stund. Sitér dette innlegget Link to post
Ask Svart 9.Juni.2020 Emnestarter Link til dette innlegget Svart 9.Juni.2020 Hei Takk for svar. Det er mogeleg å suga opp nokre desiliter olja. Totalt er det ca. to liter olja på kvart drev. Eg skal sjekka olja på nytt i kveld. Eg lurar òg på å ta ein prøve, og få analysert olja om eg er i tvil. Einkvan som har forslag til kor eg kan få analysert olja? Gjerne i Bergen. Ask Sitér dette innlegget Link to post
Sun Flyer Svart 9.Juni.2020 Link til dette innlegget Svart 9.Juni.2020 Følger denne. Syns egentlig alltid at olja ser tvilsom ut, men forrige gang vi var på land satte vi 7 bar lufttrykk på drevet og ingen luft lakk ut. Tok det som et tegn på at det er tett.. Sitér dette innlegget Motorbåt er harry - A. Rosèn Link to post
Ask Svart 9.Juni.2020 Emnestarter Link til dette innlegget Svart 9.Juni.2020 Interessant med trykktesting. Dersom eg må demontera dreva skal dei trykktestast før dreva blir montert tilbake. Eg skal ta oljeprøvar før eg gjer noko meir. Ask Sitér dette innlegget Link to post
sunnmøre Svart 10.Juni.2020 Link til dette innlegget Svart 10.Juni.2020 Har hatt lekkasje på Yanmar seildrev. Med meg var det slitasjespor på akslingen. Mest sannsynleg så er det ikkje der lekkasja er på dine drev. Må nok kome frå demontering/ montering. Etter det eg fekk informasjon om når eg hadde vannlekkasje, så er ikkje det eit akutt problem, om ikkje lekkasja er stor. Dersom det kjem inn så mykje vatn at drevet fyll seg opp, så er det nok ei anna sak. Eg brukte båten ein heil sesong med vann i olja før eg fekk ordna det. Sitér dette innlegget Link to post
Ask Svart 10.Juni.2020 Emnestarter Link til dette innlegget Svart 10.Juni.2020 Hei Takk for svar. No har eg heimekontor i båten, og skal ta oljeprøvar i lunsjen. I går tala eg med ein mekanikar, og han sa det same som du skriv Sunnmøre. Sun Flyer. Korleis gjekk du fram for å få trykktesta dreva dine? Ask Sitér dette innlegget Link to post
Sun Flyer Svart 10.Juni.2020 Link til dette innlegget Svart 10.Juni.2020 Stod på land der du vet, de har en en luftkompresser som du kan skru fast i oljepåfyllingshullet og sette trykk på. Jeg mener at det likevel kan lekke litt for vi kjørte jo ikke akslingen rundt mens det stod på. Men det var uansett et voldsomt trykk da, mye høyere enn det man kan få i bruk. Sitér dette innlegget Motorbåt er harry - A. Rosèn Link to post
Ask Svart 10.Juni.2020 Emnestarter Link til dette innlegget Svart 10.Juni.2020 Hei Her ser de vonaleg biltete av olja. Frå venstre mot høgre: SB. A. Styrbord etter at båten hadde ligge stilt i over ei veka. SB. B. Styrbord etter at motoren er køyrt i gir. BB. A. Babord etter at båten hadde ligge stilt i over ei veka. BB. B. Babord etter at motoren er køyrt i gir. Eg synest at det ser ut som om olja er utan vatn. Synspunkt? Sitér dette innlegget Link to post
Eureka Svart 10.Juni.2020 Link til dette innlegget Svart 10.Juni.2020 Ja, må si meg enig i det, uten å inneha spesialkunnskaper. såg prøve nummer 1 fra venstre ut som prøve nummer 2, etter at den har kjørt 5 minutt? bruker du samme olje som før? Jeg tegner med at du har peiler olje tidligere år, under samme forhold , uten å oppleve dette? -båten er jo ikke ny for deg. Sitér dette innlegget Link to post
sunnmøre Svart 10.Juni.2020 Link til dette innlegget Svart 10.Juni.2020 Den olja eg tappa av då eg hadde lekkasje, var mykje kvitare. Synes ikkje dette ser så gale ut. Hadde nok tatt sjansen på å bruke båten ei tid, og sett korleis det utvikla seg. Sitér dette innlegget Link to post
Ask Svart 10.Juni.2020 Emnestarter Link til dette innlegget Svart 10.Juni.2020 Eureka skrev for 2 timer siden: Ja, må si meg enig i det, uten å inneha spesialkunnskaper. såg prøve nummer 1 fra venstre ut som prøve nummer 2, etter at den har kjørt 5 minutt? bruker du samme olje som før? Jeg tegner med at du har peiler olje tidligere år, under samme forhold , uten å oppleve dette? -båten er jo ikke ny for deg. Hei A og B-prøvane var ganske like, men det var meir skum/luft i B-prøvane. (B-prøvane var tatt etter at motorane var køyrt, i gir, i 5-10 minutt.) Eg brukar ikkje same olja som før. Eg skifta membranar i år, og då eg kjøpte sett med nye membranar var det òg med olja. Eg er myyykje lettare til sinns no, og stressar ikkje med å ta båten på land no. No i helga skal eg få ein mekanikar til å sjå på oljene. Om han er i tvil så sender eg oljene til analyse. Ask Sitér dette innlegget Link to post
Eureka Svart 10.Juni.2020 Link til dette innlegget Svart 10.Juni.2020 ? bra plan. Kan aldri se for meg at du kan bli stressa. I min korte tid på Dragefjellet blei jeg kjent med en vestlending som skreiv like "tjukk" nynorsk som deg, og han var roligheta sjøl. Så jeg ser for meg han, når jeg leser den fantastiske nynorsken din. ? Sitér dette innlegget Link to post
Ask Svart 11.Juni.2020 Emnestarter Link til dette innlegget Svart 11.Juni.2020 Eureka skrev for 10 timer siden: ? bra plan. Kan aldri se for meg at du kan bli stressa. I min korte tid på Dragefjellet blei jeg kjent med en vestlending som skreiv like "tjukk" nynorsk som deg, og han var roligheta sjøl. Så jeg ser for meg han, når jeg leser den fantastiske nynorsken din. ? Takk for det. Eg bur like ved Dragefjellet Mekanikaren har sett bilete av prøvane, og meiner det ser ut som "luftskum". I helga skal han få prøvane i handa, og då blir det jo mindre uvisse. Ask Sitér dette innlegget Link to post
Recommended Posts
Delta i diskusjonen
Du kan skrive innlegget nå, det vil bli postet etter at du har registrert deg. Logg inn hvis du allerede er registrert.