jhustv Startet 4.Juli.2020 Link til dette innlegget Startet 4.Juli.2020 Nyleg erverva meg ein Comet 16 for ein billig peng. Etter ca. 3 veker med sliping og pussing skulle båten endeleg malast. Dessverre var ikkje dette planen til garasjedøra mi, og så snart båten blei dratt ut på hengar, fall garasje døra ned og knuste dei to frontrutene på vindskjermen. Ramma til vindskjermen fekk seg ein skikkelig trøkk også, men dette vil eg kunne fikse. Men eg har no problemet med å få korrekte mål til nye ruter då ramma er delvis ødelagt og demontert. Er det andre Comet 16 eigarar her med same båt som på bilete under, og som hadde vore hyggelige nok til å måle størrelsen på frontrutene sine for meg, dvs. mellom listene (sjå bilete for beskrivelse)? Eg innser at dette ikkje blir korrekte mål, men eg klarar sjølv å måle overlappen på lista på mi eiga ramme, som då gir ca. korrekte mål. I tillegg lurer eg på tips om evt. leverandørar av 6mm herda glas på vestlandet, helst i Bergen, og som kan levere herda glas på mål, så tidleg som mulig. Alternativet blir plexiglas eller den slags i år. Nokon innvendigar på materialvalg her? På førehand, takk for alle svar. Sitér dette innlegget Link to post
Recommended Posts
Delta i diskusjonen
Du kan skrive innlegget nå, det vil bli postet etter at du har registrert deg. Logg inn hvis du allerede er registrert.