
Jannmar
Gå inn på "fiskeridirektoratet.no" så finner du en grei forklaring på alt du lurer på i forbindelse med teinefiske.
Her er et lite utdrag.
Teiner til krabbefiske
Frå svenskegrensa til og med Tysfjord kommune i Nordland skal teiner, som er sett ut for fangst av krabbe, ha minst to sirkelforma fluktopningar - ei på kvar side av reiskapen/kammeret.
Opningane må vere minst 80 millimeter og plasserte nede ved botnen slik at hummar og småkrabbe lett kan ta seg ut. Samtidig må ikkje opningane vere lenger nede enn at det er fri passasje gjennom når reiskapen står i sjøen.
Alle teiner skal i tillegg til minst to fluktopningar også ha minst eitt rømmingshol, som vert halde lukka ved hjelp av ein bomullstråd.
Det er påbode å bruke nedbrytbar bomullstråd i krabbeteiner. Tråden skal virke slik at dersom du mister teina vil bomullstråden løyse seg opp etter ei viss tid, noko som gir fridomen tilbake for innestengte individ. Gamle teiner vil framleis kunne brukast ved å ettermontere bomullstråden.