
JanB
Nokon som kjenner til eller har erfaring med Muama Ryoko 4G-ruter, som det blir reklarmert heftig for her på BP og ein del andre nettsider?
Har søkt litt på nettet, men finn stort sett berre "testar" som eigentleg er salsannonser. Og nettannonsene kan virka litt useriøse og "google translate" med dårleg norsk språk . Er dette lureri eller bra greier?
50 prosents "tilbodspris" er NOK 815 for ein stk (kvantumsrabatt for fleire) - og det er inkludert førehandsbetalt europeisk SIM-kort, iflg. annonsa frå det som ser ut for å vera eit litauisk selskap.