
magnumlars
Heisann,
Eg har kjøpt ein eldre Carat 22 combi som ikkje har vore i bruk på mange år. Det har stått ein Sole mini 23 på ca 20hk i den, men den har aldri vore prøvd av meg med den motoren. Motoren har forøvrig behov for ei overhaling, derfor tenker eg å kjøpe ein ny motor og heller selge den gamle etter overhaling/gjennomgang. Det eg lurer jo litt på er kva hastighet det er rimelig å forvente med dei ulike motorstørrelsane før eg bestemmer meg for motor. Eg har sett på ulike 2 og 3 sylindra motorar frå Vetus, Craftsman, Beta, Nanni og Sole. Motorstørrelse 16-29hk. Prisane på dei forskjellige er ganske lik ved samme hk, men det er ein betydelig forskjell i pris på ein 2 sylindra på 16hk og ein 3 sylindra på 25-30hk. Alle desse motorane er basert på enten Mitsubishi eller Kubota so det er vel mest mariniseringa som er forskjellen.
Er det nokon som har erfaring med denne båten so kan sei litt om kva fart som er rimelig å forvente med motorar på 16-30hk?